Slutt paa gratisreiser med ferjene
LESER SKILTA: Etter at det blei slutt på manuell billettering har matrosane på ferjene teke bilde av bilskilta til dei som kjem om bord. Dei som ikkje har hatt Autopass-avtale i denne perioden, slepp å betale. 
Nytt

Slutt på gratisreiser med ferjene

No er det betaling etter skiltgjenkjenning på alle ferjer.

Marius Rosbach
06.04.2020
No nyttar både fylkesferjer og riksvegferjer skiltgjenkjenning for å billettere køyretøya som kjem om bord.
For å hindre spreiing av koronaviruset har det ei periode vore slutt på manuell billettering på ferjene.
Men laurdag godkjente Stortinget at billettering på ferje kan skje ved skiltgjenkjenning og at reisande som ikkje har Autopass for ferje knytt til sitt bilnummer, kan bli fakturert i etterkant, opplyser .
For dei som har Autopass knytt til bilen, blir reisa automatisk belasta konto, og dei vil ikkje merke nokon praktisk skilnad. Også på riksvegferjene er det innført same ordning, opplyser .
Dei som ikkje har betalt for ferjereisa etter at manuell billettering blei stansa, blir ikkje fakturert for dette, opplyser seksjonsleiar for drift Jesper Wiig i kollektivselskapet Fram.
Etter at fylkespolitikarane nyleg vedtok å kutte ei takstsone, blir prisen om lag som no for privatbilar, og litt lågare for større køyretøy. For å få rabatt på ferjereisa, må ein ha oppretta Autopass-avtale, men det er inntil vidare ikkje nødvendig med autopassbrikke.
For reisande på fylkesferjer i Møre og Romsdal gjeld no følgjande:
  • Alle passasjerar/reisande utan køyretøy reiser gratis.
  • Alle køyretøy blir billettert ved skiltgjenkjenning.
  • For køyretøy med AutoPass for ferje blir prisen belasta avtalen.
  • For køyretøy utan avtale, blir eigar fakturert i etterkant.

Publisert: 06.04.2020 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55