- Ja, det går mot avvikling. Det er trist, og eg hadde håpt at det var interesse frå hovudaksjonæren til å ri av stormen og kome sterkare tilbake.
Det seier Ole Zahl, som har leia Sinopacific Norway frå basen i Fosnavåg. Her var det for eitt år sidan seks-sju tilsette. No er han åleine.
- Alle dei andre tilsette har fått nye jobbar. Det er det viktigaste for meg. Sjølv driv eg inntil vidare som konsulent gjennom mitt eige selskap OZ Consulting.
Planane var omfattande, der Sinopacific Norway mellom anna skulle skaffe oppdrag, sy saman pakkar og gjere oppfølging av byggjeprosjekt ved det privateigde verftet utanfor Shanghai.
Det var dermed to svært oppglødde kompanjongar som i i samband med at Sinopacific arrangerte eit offshoreseminar i Ålesund.
- Motstanden vi møtte frå andre aktørar er kanskje det som har overraska meg mest. Eg trudde at fleire såg mulegheitene, og ikkje problema, seier Zahl.
Men det gjekk likevel bra i starten. Over tjue kontraktar på offshoreskip har vorte landa, derav ein serie på 12 PSV-ar til John Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply.
- Dette selskapet har vore godt fornøgde med arbeidet. Dei har fått gode båtar til ein rimeleg penge, seier Zahl.
- Då stod dollaren i 5,50 kroner. No står han i 7,70 kroner.
- Skilnaden er på 40 % og heile gevinsten ved å byggje skip i Asia er viska vekk.
- Når vi veit at byggjetida i Asia ofte er 8-10 månader lenger enn på eit europeisk verft, og at ein i tillegg har ein lang seglas etter levering, så har Asia mist mykje av sin attraktivitet.
- Ordreboka på Sinopacific er no svært slunken når det gjeld offshoreskip, seier Zahl.
- Vi har ikkje kompetanse på bulk og tank. Vi kan offshore, og har dermed ikkje så mykje meir å tilføre verftet, seier Zahl, som sjølv var styrmann og kaptein i 14 år på ulike offshorefartøy.
- Det er offshore eg kan, og det eg vil drive med.
Ole Zahl eig sjølv 10 % i selskapet Sinopacific Norway, medan resten av aksjane er eigd av Simon Liang-kontrollerte Sinopacific Shipbuilding group Co. Ltd.
- Det er mykje sunnmøring i Simon Liang. Hadde alle under han vore like handlekraftige, så hadde det ikkje vore noko problem, seier Zahl.
Han meiner at han har fått oppleve to store eventyr, det første var oppstarten av Rem Offshore, og det andre var samarbeidet med Simon Liang.
- Åge Remøy og Simon Liang har mykje til felles. Begge tek kjappe beslutningar, og begge seier at slik skal det vere.
- Problemet er at med Åge Remøy vert det også slik han har sagt, medan det under Simon Liang er altfor mange som ikkje klarer å gjennomføre det som er bestemt.
- I Norge er vi i stor grad lojale, og er opptatt av kva som tener bedrifta best.
- I Kina har i alle fall eg opplevd at det er kva som tener den enkelte best, som svært ofte er i fokus.
- Sjølv har eg hatt eittårig fleirreisevisa, og har ikkje merka noko til den politiske striden.
Sjølv om han synst det er litt trist at prosjektet går mot slutten, ser han fram til å ikkje reise like ofte til Kina.
- Eg har hatt opp til 250 reisedøgn i året. På eitt år låg eg i 90 døgn på det same hotellet og på det same hotellromet i Shanghai. Det vart i meste laget.
Det seier Ole Zahl, som har leia Sinopacific Norway frå basen i Fosnavåg. Her var det for eitt år sidan seks-sju tilsette. No er han åleine.
- Alle dei andre tilsette har fått nye jobbar. Det er det viktigaste for meg. Sjølv driv eg inntil vidare som konsulent gjennom mitt eige selskap OZ Consulting.
Handplukka
Det var i 2011 at den kinesiske multimilliardæren Simon Liang handplukka Ole Zahl frå Remøya til å leie den europeiske satsinga for det kinesiske verftet Sinopacific.Planane var omfattande, der Sinopacific Norway mellom anna skulle skaffe oppdrag, sy saman pakkar og gjere oppfølging av byggjeprosjekt ved det privateigde verftet utanfor Shanghai.
Det var dermed to svært oppglødde kompanjongar som i i samband med at Sinopacific arrangerte eit offshoreseminar i Ålesund.
Overraska over motstanden
Ikkje alle var like begeistra for at den kinesiske giganten etablerte seg midt i den maritime klynga på Nordvestlandet.- Motstanden vi møtte frå andre aktørar er kanskje det som har overraska meg mest. Eg trudde at fleire såg mulegheitene, og ikkje problema, seier Zahl.
Men det gjekk likevel bra i starten. Over tjue kontraktar på offshoreskip har vorte landa, derav ein serie på 12 PSV-ar til John Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply.
- Dette selskapet har vore godt fornøgde med arbeidet. Dei har fått gode båtar til ein rimeleg penge, seier Zahl.
Valutasmell på 40 %
Han seier at då kontraktene vart inngått, var det rundt 30 % billegare å byggje skipa i Kina enn ved eit europeisk verft.- Då stod dollaren i 5,50 kroner. No står han i 7,70 kroner.
- Skilnaden er på 40 % og heile gevinsten ved å byggje skip i Asia er viska vekk.
Slunken ordrebok
I tillegg har oljeprisfallet ført til oppbremsing av bygging av nye offshoreskip.- Når vi veit at byggjetida i Asia ofte er 8-10 månader lenger enn på eit europeisk verft, og at ein i tillegg har ein lang seglas etter levering, så har Asia mist mykje av sin attraktivitet.
- Ordreboka på Sinopacific er no svært slunken når det gjeld offshoreskip, seier Zahl.
Ny strategi
På grunn av svikten innanfor offshore, har den nye verftsdirektøren bestemt at det skal satsast på andre typer skip.- Vi har ikkje kompetanse på bulk og tank. Vi kan offshore, og har dermed ikkje så mykje meir å tilføre verftet, seier Zahl, som sjølv var styrmann og kaptein i 14 år på ulike offshorefartøy.
- Det er offshore eg kan, og det eg vil drive med.
Ole Zahl eig sjølv 10 % i selskapet Sinopacific Norway, medan resten av aksjane er eigd av Simon Liang-kontrollerte Sinopacific Shipbuilding group Co. Ltd.
Ein sunnmøring i Kina
Trass i at samarbeidet med Simon Liang no ser ut til å opphøyre, har Ole Zahl berre godt å seie om den kinesiske forretningsmannen som slo seg opp til å verte verdas største produsent av julepynt, og som no er stor på gruver og skipsbygging.- Det er mykje sunnmøring i Simon Liang. Hadde alle under han vore like handlekraftige, så hadde det ikkje vore noko problem, seier Zahl.
Han meiner at han har fått oppleve to store eventyr, det første var oppstarten av Rem Offshore, og det andre var samarbeidet med Simon Liang.
- Åge Remøy og Simon Liang har mykje til felles. Begge tek kjappe beslutningar, og begge seier at slik skal det vere.
- Problemet er at med Åge Remøy vert det også slik han har sagt, medan det under Simon Liang er altfor mange som ikkje klarer å gjennomføre det som er bestemt.
Lojaliteten er ulik
Ole Zahl seier at lojaliteten til bedriftene er ein av dei store skilnaden mellom Norge og Kina.- I Norge er vi i stor grad lojale, og er opptatt av kva som tener bedrifta best.
- I Kina har i alle fall eg opplevd at det er kva som tener den enkelte best, som svært ofte er i fokus.
Ingen politiske problem
Zahl opplyser at verken han sjølv eller noko annan ved kontoret har merka noko til dei politiske utfordringane mellom Kina og Norge.- Sjølv har eg hatt eittårig fleirreisevisa, og har ikkje merka noko til den politiske striden.
Sjølv om han synst det er litt trist at prosjektet går mot slutten, ser han fram til å ikkje reise like ofte til Kina.
- Eg har hatt opp til 250 reisedøgn i året. På eitt år låg eg i 90 døgn på det same hotellet og på det same hotellromet i Shanghai. Det vart i meste laget.
Åge Remøy og Simon Liang har mykje til felles. Begge tek kjappe beslutningar, og begge seier at slik skal det vere
Publisert: 03.02.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40






