Marianne nærø
PRISHOPP: Mangel på fagfolk og høgare prisar gir utfordingar for prosjektsjef Marianne Nærø og fylkeskommunale prosjekt. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Slår alarm om auka råvareprisar

Fleire fylkeskommunale prosjekt i fare etter store kostnadshopp. Ferjekaiprosjekt vart 55 prosent dyrare.

12.05.2022

Prisane har auka så mykje dei siste månadane, at det kan påverke både kostnader og framdrifta i fleire av byggeprosjekta i fylkeskommunal regi.

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Frå 165 til 255 millionar
Det blir vist til at fylkeskommunedirektøren i fleire tilfelle den siste tida har flagga problemstillinga – seinast i fylkesutvalet måndag. Då vedtok utvalet einstemmig å auke kostnadsramma for bygging av nye ferjekaiar på Eidsdal og Linge med 55 prosent.

Ein generell stor prisvekst i marknaden har auka totalkostnaden frå 165 millionar kroner til 255 millionar kroner.

Rett opp for stålprisen
Både bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brækkan og samferdselsdirektør Arild Fuglseth ser at det er kraftig auke i prisar, særleg på stål, utan å kunne seie kva det betyr for totalkostnadane for byggeprosjekta som fylkeskommunen planlegg.

- Berre frå januar til april i år er prisindeksen auka med 60 prosent på varmvalsa plater som vi brukar m.a. ved bygging av nye ferjekaier. Også kamstål som blir brukt til armering av betong er auka med 50 prosent frå januar til april i år. Vi kjenner ikkje utviklinga og konsekvensen dette har for prosjektkostnadane, seier samferdselsdirektøren.

Utfordrande rekruttering
I samferdselsutvalet sitt møte tysdag i førre veke blei politikarane orienterte om situasjonen. Prosjektsjef Marianne Nærø sa at dei har eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med mange dyktige fagfolk. Men også at dei opplever utfordringar.

- Det er ein rekordstor aktivitet i Noreg. Det er utruleg mange prosjekt i gang, og det gjer at det er kamp om dei dyktige entreprenørane, men også om fagfolka og byggherreressursane som vi trenger. Det gjer det utfordrande å rekruttere folk med lang erfaring, seier Nærø, i pressemeldinga.

Usikker situasjon
Ho seier at krigen i Ukraina og to år med pandemi gjer det vanskeleg å få tak i råvarer, og kostnadane er i urovekkande endring.

- Og dei endrar seg frå dag til dag, og det er vanskeleg for entreprenørane å gi tilbod og vedstå seg dei i mange månader framover, fordi det er ingen som veit korleis marknaden utviklar seg.

- Kva kan det bety for aktiviteten?

- Det kan skje at vi får færre tilbod fordi entreprenørane ikkje tør å gi frå seg eit tilbod som skal vedstå i tre månadar. Og det kan bety at prisane blir enda høgare fordi det blir mindre konkurranse, seier Nærø.

Publisert: 12.05.2022 11:36

Sist oppdatert: 28.11.2023 21:19

Mer om