NPK/NETT NO: Dei små og mellomstore bedriftene meiner hjelpa har vore for dårleg tilpassa deira behov, og at informasjonen frå styresmaktene ikkje har vore god nok, går det fram av ei fersk undersøking blant medlemsbedriftene i SMB. SMB er ein interesseorganisasjon for små- og mellomstore verksemder.
– Undersøkinga stadfestar at pandemien framleis blir opplevd som svært alvorleg i medlemsbedriftene våre, og at mange av dei er i ein dramatisk situasjon der dei er usikre på om verksemda deira vil overleve koronakrisa, seier kommunikasjonssjef Joachim Dagenborg i SMB.
Kjenner seg att
Styremedlem i SMB og leiar for Møbeltre og Stjernemadrassen i Sykkylven, Håvard Tandstad, seier han kjenner att svara i undersøkjinga.
Tilbakemeldingane han får får bedrifter han snakka med er i stor grad dei same som kjem fram i undersøkjinga.
- Dei minste føler at tiltaka ikkje treff dei, seier Tandstad.
Det er spesielt bedrifter i utelivsbransjen og reiselivsbransjen som har det tøft, ifølgje Tandstad. Dei taper uansett, fordi støtta er for lita til å dekke kostnadane. Satsar dei på ei avgrensa drift misser dei støtte.
Ikkje tilpassa
Kommunikasjonssjef Joachim Dagenborg i SMB meiner at krisepakkane ikkje har vore tilpassa godt nok dei mindre verksemdene, og at det er naudsynt at styresmaktene tek dette på alvor.
– Konsekvensen kan bli at dei ikkje klarer å hjelpe så mange såkalla levedyktige bedrifter, som ein har trudd, seier Dagenborg. Han minner om at små- og mellomstore bedrifter er ryggrada i norsk næringsliv, og at to av tre nye jobbar i eit normalår ville bli skapt i denne sektoren.
– Det er ingen grunn til å leggje skjul på at vi er uroa over situasjonen no, legg han til.
SMB trur at det å redusere det samla skatte- og avgiftstrykket er det mest effektive grepet for å redde både bedrifter og arbeidsplassar. Han peikar spesielt på arbeidsgivaravgifta, men nemner også å fjerne meirverdiavgifta for spesielt utsette bransjar som reiseliv og servering.
Undersøkinga vart sendt ut til medlemsbedriftene i SMB i veke 6 i år i samarbeid med Ny Analyse. Det kom inn 628 komplette svar frå bedriftsleiarar over heile landet.
Publisert: 19.02.2021 15:45
Sist oppdatert: 23.02.2021 18:49