Ferje fjord1 sulesund
SMITTEPROBLEM: Koronasmitta ferjemannskap skaper problem for drifta. Samband kan verte kansellerte på kort varsel. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Smitte kan lamme ferjetrafikken

Ferjeavgangar i heile Møre og Romsdal i fare for å verte kansellerte.

22.02.2022

Talet på koronasmitta ferjemannskap er no så høgt, at ferjeavgangar over heile fylket kan bli kansellerte på kort varsel.

Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Tysdag ettermiddag var alle samband opne, men FRAM jobbar ut frå at situasjonen kan forverre seg brått.

Kan ikkje legge frå kai
På enkelte ferjer kan det vere så mange koronasmitta mannskap at dei ikkje kan legge frå kai.

- Det er viktig at trafikantar er førebudde på at det kan bli periodiske kanselleringar på ferjeruter rundt om i fylket. Og vår prioritet er å halde samband opne framfor å ha fleire ferjer i drift, seier seksjonsleiar drift i FRAM, Jesper Wiig.

Det betyr at enkelte samband kan bli ramma for å halde andre ferjesamband i drift.

- Beredskap og sikkerheit har prioritet, seier Wiig.

Vår prioritet er å halde samband opne framfor å ha fleire ferjer i drift
Jesper Wiig

Omdisponerer mannskap
Ein av operatørane, Fjord1, konstaterer at smittesituasjonen har blitt meir alvorleg dei siste dagane og fryktar at smittetoppen enno ikkje er nådd. Det kan få konsekvensar:

- Vi har måtte omdisponere mannskap og materiell i eit betydeleg omfang for å oppretthalde rutetilbodet, og i all hovudsak har dette gått bra så langt. Men vi står i ein situasjonen der dette kan endre seg relativt raskt, seier regionleiar Odd Reidar Ormåsen i Fjord1.

Fylket oppmodar trafikantane om å halde seg orienterte.

Innstilte avgangar blir varsla av operatør, på frammr.no og dei blir indikerte i reiseplanleggaren på frammr.no.

Kansellerte ferjeavgangar kan også påverke busstrafikken.

Publisert: 22.02.2022 15:11

Sist oppdatert: 22.02.2022 15:22