Helene Frihammer 11
– I kommune-NM i år er det gode indikatorar for jobbskaping i regionen vårnpk. Både delen med høgare utdanning, delen sysselsette med fagbrev og ein låg del uføre, legg godt til rette for utviklinga av regionen, seier regiondirektør Helene Frihammer i NHO Vestlandet. Foto: NHO
Nytt

Små kommunar mest fram i Kommune-NM

Ulstein tilbake nokre hakk - men gjer det framleis skarpast på Nordvestlandet - tett følgd av Ålesund.

NPK
03.09.2021

(NPK): Grunna korona opplevde alle fylke redusert sysselsetjing og auka arbeidsløyse i fjor. Det syner resultata av NHOs Kommune-NM (sjå kommunane på Nordvestlandet rangert under).

Der går det òg fram at dei fleste kommunane som klatra på lista var småkommunar, men mange gjekk òg tilbake.

– Kommune-NM måler ikkje kor bra det er å bu i ein kommune, men det økonomiske grunnlaget for kommunen når vi legg vekt på indikatorane innanfor temaa næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Undersøkinga illustrerer sånn sett at småkommunar har større utfordringar på desse områda enn store, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum i ei pressemelding.

Fakta om Kommune-NM

Ei årleg kåring gjennomført og presentert av Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Kåringa rangerer kommunane etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.

Les meir om kåringa her (ekstern lenke)

Ni av ti med negativ utvikling
Ni av ti (316) kommunar hadde negativ utvikling på totalindikatoren frå 2019 til 2020.

Småkommunar dominerer lista over kommunar som har hatt framgang siste året. Dette gir likevel ikkje grunnlag for å seie at småkommunar har vore mindre ramma av krisa, sidan mange småkommunar òg er å finne blant kommunane som har gått mest tilbake.

Blant store kommunar som har gått mest tilbake er Oslo, og ein del omkringliggjande storkommunar i Viken: Ullensaker, Ås og Lørenskog.

– Det er langt større rørsle i dei lågast rangerte kommunane. Lista over dei lågast rangerte kommunane er ofte dominerte av kommunar med få busette. Det skal ofte relativt sett mindre endringar til i arbeidsmarknad og demografi for å få større utslag på totalrangeringa for småkommunar enn for større kommunar, seier Dørum.

Austevoll stabilt høgt
Blant kommunane som har gjort det stabilt godt i meisterskapen over fleire år, er industrikommunen Austevoll i Vestland. I år hamnar dei på ein 5.-plass i tevlinga mot ein 4.-plass i fjor.

– Kommunar som blir rangert høgast er typisk større by-, tettstads, utdannings- og høgteknologikommunar, eller kommunar med betydeleg innslag av oppdrettsnæring og energiproduksjon, i tillegg til enkelte reiselivskommunar, seier Dørum.

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Fleire på topp i Vestland
Også fleire andre distriktskommunar i vest gjer det godt i tevlinga i år. Årdal i Sogn, som og er ein tradisjonell industrikommune, går fram heile 46 plassar frå i fjor og legg seg som kommune nummer 50 i tevlinga.

Fleire av kommunane som oppstod etter samanslåinga i januar 2020, gjer det òg godt. Sogndal kommune, som er samansett av tidlegare Sogndal, Leikanger og Balestrand, legg seg på ein 15.-plass. Sunnfjord kommune, som er samansett av tidlegare Førde, Jølster, Gaular og Naustdal, går inn på 44.-plass.

– I kommune-NM i år er dette gode indikatorar for jobbskaping i regionen vår. Både delen med høgare utdanning, delen sysselsette med fagbrev og ein låg del uføre, legg godt til rette for utviklinga av regionen, seier regiondirektør Helene Frihammer i NHO Vestlandet i ei pressemelding.

I alt 20 av 43 kommunar i Vestland ligg på topp 100-lista.

Rangering av kommunane på Nordvestlandet:

1. Ulstein (19)

2. Ålesund (20)

3. Giske (26)

4. Molde (49)

5. Sula (56)

6. Gloppen (62)

7. Stryn (68)

8. Herøy (76)

9. Kinn (84)

10. Stad (90)

11. Stranda (93)

12. Ørsta (112)

13. Kristiansund (119)

14. Volda (122)

15. Rauma (134)

16. Hareid (158)

17. Vestnes (191)

18. Sykkylven (208)

19. Fjord (255)

20. Sande (261)

21. Vanylven (294)

Publisert: 03.09.2021 16:09

Sist oppdatert: 03.09.2021 16:39

Mer om