Smaa tap og auka inntekter
RESULTAT: Adm. dir. Trond Lars Nydal er godt fordnøgd med utviklinga for Sparebanken Møre.
Nytt

Små tap og auka inntekter

Sparebanken Møre har lagt bak seg eit nytt godt kvartal, og har no ein forvaltningskapital på 69,9 milliardar kroner.

22.10.2020
- Vi leverer nok eit godt kvartal, og kan konstatere at banken er i positiv utvikling på fleire område, fastslår adm. dir. Trond Lars Nydal i onsdag.
Han viser spesielt til at banken investerer i kompetanse og teknologi, samt gjennomfører kontinuerlege forbetringar.
- Samstundes har vi god kontroll på kostnadene, seier Nydal.

59,6 milliardar i utlån

I kvartalet hadde banken eit resultat før skatt på 149 millionar kroner, 10 millionar betre enn i same kvartal i fjor.
Utlånsveksten dei siste tolv månadene er på 5,5 prosent, medan innskota har auka med 4,8 prosent.
Totalt er utlåna på 59,6 milliardar kroner, der 18,6 milliardar er til næringslivet.
Innskota er på totalt 34,7 milliardar kroner.

Små tap

Banken har auka rentenettoen i kvartalet, samt hatt vekst i inntekter knytta til plassering, forsikring og eigdomsmekling.
Kostnadene var i 3. kvartal på 43,4 prosent i høve til inntekter, ein reduksjon på 0,8 prosent frå same kvartal i fjor.
Tapa er små. I tredje kvartal vart det bokført sju millionar kroner i tap på utlån og garantiar.
Banken har berre 1,56 prosent av dei totale utlåna i olje og offshore.
Hittil i år er resultatet før tap på 611 millionar kroner.

870 millionar i rentenetto

Rentenettoen så langt i år er på 870 millionar kroner, noko som ugjer 1,68 prosent.
Ved same tid i fjor var rentenettoen på 810 millionar kroner, som då utgjorde 1,70 prosent.
Sparebanken Møre har 28 avdelingskontor og totalt 363 årsverk.
I kvartalsrapporten skriv banken at det no er redusert fare for eit kraftig fall i bustadprisan, medan det er internasjonalt er auka fare for vekstavgrensande handelshindringar.

Publisert: 22.10.2020 07:11

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:09