Snart ferdig med aa utbetre setningsskade
MÅTTE UTBETRAST: Sjølve bygget står trygt forankra på pålar, men utbyggarane måtte fylle på fleire tusen kubikk for å få fyllinga til å halde seg på plass.
Nytt

Snart ferdig med å utbetre setningsskade

Nytt bustadbygg i Ulsteinvik nærmar seg innflytting.

Marius Rosbach
06.01.2020
NETT NO ved utfyllinga ved Sjøsida-utbygginga i Ulsteinvik, gjorde at innflyttinga blei utsett.
Arbeidet med å fylle ut om lag 8000 kubikk med masse, går i høve planen, opplyser dagleg leiar Kjetil Nordang i entreprenørselskapet Peab K. Nordang.
– Første del av fyllinga som ligg ytst, blei lagt ut med båt før nyttår, fortel han til NETT NO.
No skal dei også legge den delen av fyllinga. Som følgje av at dei får lagt også den inste delen av fyllinga frå båt, sparar dei tid kontra andre metodar: – Nokre uversdager skiplar ikkje tidsplanen, forsikrar han.
Nordang kan ikkje på sparket seie noko kor omfattande kostnadene blir, men seier det vil bety lite i det store bilde.

Les også:



21 sentrumsbustader

Bebuarane får etter planen flytte inn mot slutten av januar. Ulstein Utvikling, som mellom anna Borgstein står bak, er utbyggar av dei 21 leilegheitene i sjøkanten midt i sentrum. Rome as, Bakkely Invest as, John Kleven as og Hareid Elektriske, er også med på eigarsida.
Jon Ove Ringstad i Ulstein Utvikling opplyser til NETT NO i desember at dei framleis har fire leilegheiter for sal. Bustadene er på mellom 61 og 112 kvadratmeter, og kostar frå 2,9 til 5,8 millionar.

Fleire byggesteg

Første byggesteg av dei 5. etasjar høge bygga stod ferdig for kring fem år sidan. Det omfatta både næringsareal på grunnplanet og omsorgsbustadar i deler av bygga - i tillegg til 42 bustader. Det var ei investering på 260 millionar. Byggetrinn to er eit reint bustadkompleks. Det er også planlagd eit byggetrinn tre i prosjektet.

Les også:




Publisert: 06.01.2020 17:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49