Riss Testlab 1
VEMODIG: Bård Vestre har framleis eit håp om at testlaboratoriet blir redda i siste liten. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Snart kan ikkje møblar bli testa i Noreg

Bransjesjef reagerer på at testlaboratorium i Sykkylven blir lagt ned.

Etter fem år med underskot gjekk det ikkje lenger. Styret til Riss Testlab har vedteke å legge ned frå nyttår.

Testlaboratoriet var det einaste i Noreg som kunne teste kvaliteten på tekstil og møblar. Ein godkjent kvalitetssjekk her, gjorde at møbelprodusentar kunne selje møblane sine på kontrakt.

– No er kapitalen brukt opp, seier dagleg leiar Bård Vestre til NETT NO.

Dei fem siste åra har dei gått med underskot og ved nyttår får ikkje møbelprodusentar testa produkta sine i Noreg lenger.

Starta opp i 1993
I 1993 starta selskapet opp. Då var det eit kurssenter.

På denne tida kom det inn mykje reklamasjon på dårleg tekstil. Det blei beslutta at dei også skulle lage eit testlaboratorium for tekstil, og etterkvart møblar.

I 1999 flytta dei til bygget dei framleis sit i. Med tida blei det eit aksjeselskap - og i 25 år gjekk dei med overskot.

Så, i 2020, tok dei ei pause frå akkreditering. Då byrja omsetninga å falle. Etterkvart prøvde dei å få den tilbake, men gav opp etter to år fordi det er vanskelig for eit testlaboratorium på deira størrelse.

Riss Testlab 2
SAL: Snart skal alt bak forhenget fjernast, og berre minna vil sitte igjen i veggane.

– Mange har vakna
Vestre seier at fleire har reagert på at Noreg snart ikkje lenger har ein testlab for møblar.

– Alle land har jo ein eller fleire, men dei fleste er statlege. Vi har drive på i 30 år uten ei einaste krone i statsstøtte.

Han meiner det kan bli vanskelig for mellomstore bedrifter, som no må sende møblane til utlandet for testing.

Då går det for 4-5 veker å få testa eit produkt, og ofte lenger om det ikkje blir godkjent.

– Det vil bli fryktelig tungvint i framtida.

Riss Testlab 3
TO TILSETTE: Det er berre to personar som arbeider på Noreg sitt einaste testlaboratorium for møblar. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Garanterte for drifta i tre år
Styreleiar for RISS Testlab, Solveig Gaundal, seier at årsaka til at dei har beslutta å avvikle firmaet er at dei ikkje oppnådde krava frå Norsk Akkreditering å vere ein akkreditert testlab.

– Det dåverande styret foreslo styrt avvikling i 2020, men enkelteigarar gjekk inn og garanterte for kostnadene ved drifta i tre år, mot at bedrifta oppnådde akkreditering.

Dette blei ikkje oppnådd. Gaundal seier dei har køyrd fleire prosjekt tidlegare, gjennom Møbelkraft AS, Norsk Industri og Plusslab for å finne nye område for drifta.

– Med større etterspurnad til testing er behovet for ein norsk testlab tilstades, men slik situasjonen har vore har ikkje økonomien tillat vidare drift.

Svarar ikkje på spørsmål om interesse
NETT NO har spurt styreleiaren om nokon har tilbydd seg å ta over drifta.

Torsdag ettermiddag hadde Gaundal ikkje svart på spørsmålet.

På generelt grunnlag seier ho at styret er positive til initiativ rundt labben, og at eit eventuelt bod vil behandlast internt i samråd med aksjonærane.

Møre og Romsdal fylkeskommune er største eigar med 28 prosent. Ekornes, Hjellegjerde og Sykkylven Næringsutvikling er også betydelege eigarar.

Mister ei mulegheit
Bransjesjef i Norsk Industri, Egil Sundet, seier at testlabben bør bestå.

– Klart det er viktig for møbelindustrien at dei har ein stad dei effektivt kan teste produkta sine i europeiske kvalitetsstandardar. Den mulegheita mistar ein når den blir lagt ned.

Han seier at om produsentar skal levere på offentleg anbud, må nokre av produkta ha blitt tetsa. Fleire produsentar testar i utlandet i dag, og prisen per test er lågare enn i Sykylven.

Det Sundet meiner bedriftene ikkje har vurdert godt nok er at det er ganske enkelt å sende produkta sine til Riss, men om ein sendar dei til utlandet risikerar ein nokre månaders ventetid.

– Då er kostnaden plutseleg ein heilt annan.

Egil Sundet
Bransjesjef i Norsk Industri, Egil Sundet, var på bransjetreff for møbelindustrien i Sykkylven i dag. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Fekk oppdrag
Norsk Industri fekk oppdrag frå styret om korleis dei kan behalde eit testlaboratorium i Noreg.

– Riss er eigd av ein del av bedriftene, og det er ikkje første gang styret har vedteke nedlegging. Det er først og fremst snakk om å få det til å gå rundt økonomisk.

Slik det ser ut no, seier Sundet konklusjonen i denne runda vil bli nedlegging.

Publisert: 02.11.2023 16:18

Sist oppdatert: 06.11.2023 09:19

Mer om