Widerøe Hovden
TILBAKE TIL UTGANGSPUNKTET: Sp har fått Ap og Frp med på at ansvaret for kortbaneflyplassane skal tilbake til staten.
Nytt

Snuoperasjon for kortbaneflyplassar

Drifta for kortbanenettet blir truleg lagt tilbake på staten.

NPK
19.05.2021

NPK: Torsdag skal saka om kven som skal ha ansvar for kortbanenettet opp på Stortinget. Mykje tyder på at Stortinget snur og gir ansvaret for kortbanerutene tilbake til staten.

I samband med regionreforma vart det bestemt at ansvaret for at flyrutene på kortbanenettet skulle overførast frå staten til fylkeskommunane. Mange frykta da at desse FOT-rutene ville bli lagde ned på grunn av dårleg økonomi i fylka. Det er om lag 25 kortbaneflyplassar i Noreg frå Vestland til Troms og Finnmark.

No har Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget konkludert med at staten framleis bør vere ansvarleg for drifta av desse rutene, skriv NRK.

Sp-forslag
Stortinget skal stemme over forslaget på torsdag, og Sp, som foreslo endringa, har allereie fått med seg både Arbeidarpartiet (Ap) og Framstegspartiet (Frp), skriv kanalen.

Siv Mossleth, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Nordland, meiner FOT-nettverket ville stått i fare dersom fylket skulle fått ansvaret for dei, fordi fylket har så stort økonomisk etterslep på andre område. Difor meiner ho at staten driftar rutene, er distriktspolitikk.

Sveltefora
– Fylkeskommunane er sveltefôra. Det er ein dårleg idé å kaste nytt ansvar over på dei når dei ikkje veit at dei vert finansiert, seier Mossleth til NRK.

Helge Orten, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Høgre, og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen, meiner dette er eit paradoks.

– Vi er forundra over at Vedum og andre i Senterpartiet, som snakkar om kor viktig det er å flytte oppgåver til kommunar og fylkeskommunar, flytter heile ansvaret til staten, seier han til kanalen.

Publisert: 19.05.2021 11:48

Sist oppdatert: 19.05.2021 11:56