NPK-NTB-Bibiana Piene: Valet i år er truleg det mest spennande i Høgre-leiar Erna Solbergs politiske levetid. Ho drog til heimlege trakter for å sanke fleire stemmer i sluttspurten.
Tusenvis av valbrosjyrar låg klare då Solberg kom til Bergen onsdag. Der skulle ho ut og møte veljarar personleg.
– Det er eit uhyre jamt val mellom blokkene. Sannsynlegvis er dette det mest spennande stortingsvalet i mi levetid, seier Solberg til NTB.
– Det kan snu
Den siste tida har målingane vist eit knapt fleirtal for raudgrøn side og den såkalla tuttifrutti-regjeringa med Ap-leiar Jonas Gahr Støre i spissen.
Men Solberg trur det kan snu – slik det gjorde i 2017 då dei raudgrøne leidde heilt inn, men tapte på målstreken.
– Eg trur vi skal klare det. Nøkkelen ligg no i at Høgre styrkjer seg, seier ho.
Men då Solberg slo opp auga onsdag, vart ho møtt av ei ny krisemåling for Høgre. I målinga frå Opinion får partiet berre 13,4 prosent, som er den lågaste oppslutninga på 16 år.
Kjempesmell i Hordaland
Høgre står likevel i fare for å miste ein av sine mest sentrale politikarar, Peter Frølich frå Bergen, som i dag leier kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
På ei lokal måling i Bergensavisen onsdag er Frølich, som også er nemnd som ein mogleg arvtakar til Solberg, ute.
Ifølgje målinga ligg Høgre an til å gå på ein kjempesmell i Hordaland.
Men målingane sprikjer, og ifølgje eit gjennomsnitt av målingane ser det ut til at Frølich greier å berge mandatet. Høgre vil då behalde tre av fire mandat frå Vestland.
Bergen har tradisjonelt vore ein av Høgres bastionar. Torsdag går ferda vidare til Stavanger, ein annan Høgre-bastion der partiet må løfte seg for å ha ein sjanse til å vinne valet.
Publisert: 03.09.2025 13:06
Sist oppdatert: 03.09.2025 13:06






