Nytt
Solberg på Sunnmørs-turné
Statsminister Erna Solberg skal innom brønnbåt-, skipsbygging-, møbel-, smittevern- og vindkraftbransjen i løpet av åtte timar.
02.11.2020
Solberg startar hos brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i morgon tidleg, eit selskap som har båtar under bygging og planar om ytterlegare nybygg.
I eit år med den lågaste ordreinngang sidan 2009 er brønnbåtreiarane den viktigaste bidragsytarene til å halde nybyggingsaktiviteten i gang hos norske verft. Av dei 12 større byggekontraktene norske skipsverft hadde inngått per august i år kom sju frå oppdrettsbransjen.
Vard og Kongsberg hadde nyleg besøk av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som karakteriserte Regjeringa sin tiltak for å hjelpe skipsbyggingsnæringa som svake.
Nest siste post på programmet er offisiell opning av fabrikken til munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven, ein fabrikk som blei etablert etter at koronepidemien kom, og som lagar kirurgiske munnbind. Målet for selskapet er at Noreg skal ha slik produksjon på heimebane også etter at epidemien er over.
Siste post på programmet er møte med vindkraftmotstandar Birgit Oline Kjerstad, som kjempar for at det ikkje blir bygd vindkraftturbinar på Haramsøya.
I eit år med den lågaste ordreinngang sidan 2009 er brønnbåtreiarane den viktigaste bidragsytarene til å halde nybyggingsaktiviteten i gang hos norske verft. Av dei 12 større byggekontraktene norske skipsverft hadde inngått per august i år kom sju frå oppdrettsbransjen.
Møter Vard
I Brattvåg skal Solberg møte representantar for skipsbyggingskonsernet Vard og utstyrsleverandøren Kongsberg.Vard og Kongsberg hadde nyleg besøk av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som karakteriserte Regjeringa sin tiltak for å hjelpe skipsbyggingsnæringa som svake.
Opnar smittervernfabrikk
I Sykkylven møter Solberg møbelindustrien hos Ekornes, der maskinene går for fullt og tilsettingstakta er den høgaste på fleire tiår.Nest siste post på programmet er offisiell opning av fabrikken til munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven, ein fabrikk som blei etablert etter at koronepidemien kom, og som lagar kirurgiske munnbind. Målet for selskapet er at Noreg skal ha slik produksjon på heimebane også etter at epidemien er over.
Siste post på programmet er møte med vindkraftmotstandar Birgit Oline Kjerstad, som kjempar for at det ikkje blir bygd vindkraftturbinar på Haramsøya.
Publisert: 02.11.2020 12:59
Sist oppdatert: 05.03.2021 09:27