
Solid opptur for skipsdesignarane
Marin Teknikk auka inntektene kraftig og snudde minus til pluss.
Skipsdesignselskapet Marin Teknikk fekk en solid opptur i fjor, etter at to tøffe år med store tap.
Omsetninga gjorde eit hopp frå 28 til 50 millionar kroner. Det svarar til ei auke på 75 prosent.
Også lønnsemda gjekk frå minus til pluss i løpet av fjoråret.
Frå rekordunderskot til pluss
I 2022 gjekk Herøy-selskapet på sitt verste år nokon sinne, med eit tap på nær 20 millionar. Dagleg leiar og medeigar Svein Rune Gjerde forklara til Nett No då at årsaka var store prosjekt som ikkje blei landa i løpet av året.
Han lova samtidig overskot i 2023 – og fekk rett.
Sjølv om driftsresultatet vart i minus, sørga finansinntektene for eit resultat før skatt på ein kvart million (sjå tabell under).
Marin Teknikk As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 50,1 | 28,8 |
Driftsresultat | -1,5 | -18,6 |
Resultat før skatt | 0,3 | -19,4 |
Les også
Inntektene i fjor var dei høgaste sidan 2020, men framleis langt under nivået frå toppåret 2015. Då snuste skipsdesignarane på ei omsetning på nær 200 millionar.
Designselskapet har hovudkontor i Myrvåg og hadde 30 årsverk i arbeid i fjor.
Selskapet hadde eigenkapital på drygt 39 millionar kroner ved utløpet av 2023. Då var den langsiktige gjelda på knappe 670.000 kroner.
Svein Rune Gjerde med familie er dei største eigarane i morselskapet Marin Group, med 55 prosent av aksjane. Resten av aksjane er også eigd av Gjerde-familien.
Publisert: 05.08.2024 17:42
Sist oppdatert: 05.08.2024 17:45