DSC 6503
MOLDE: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak presenterte betre rekneskapstal for 2022 enn tidlegare kommunisert. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Solid overskot - men no skal det sparast

Møre og Romsdal fylkeskommune skal spare 100 millionar i året dei neste fire åra.

27.02.2023

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2022 eit driftsresultat på 201,3 millionar kroner.

Det opplyste fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak då ho i fylkesutvalet måndag orienterte om dei foreløpige rekneskapstala for fjoråret.

Det positive driftsresultatet er noko betre enn prognosen som blei lagt fram i desember, som viste eit overskot på 140,2 millionar kroner.

I ei pressemelding frå fylkeskommunen vert det vist til at auken på 61,1 millionar kroner skuldast i hovudsak auke i rammetilskot, auka skatteinntekter, reduserte pensjonsutbetalingar og korrigeringar for bundne fond. Totalt fekk Møre og Romsdal fylkeskommune heile 112,8 mill. kroner meir i skatteinntekter og rammetilskot enn budsjettert i 2022.

Lånegjelda aukar
Sjølv om driftsresultatet for 2022 isolert sett er solid, peika Hovdenak på at det blir krevjande i åra framover:

  • Netto driftsresultat var i fjor på 2,8 prosent, som er lågare enn målsettinga på 3,3 prosent. I 2024-2026 blir resultatet vesentleg redusert blant anna grunna auke i renter og avdrag.
  • For driftsrammene samla viser resultatet eit netto mindreforbruk på 53,3 millionar kroner, dvs. 1,1 prosent. Enkelte driftsrammer viser likevel eit meirforbruk, der samferdsel har det største meirforbruket på 23,8 millionar kroner.
  • Netto finansutgifter var i 2022 på 415,5 millionar kroner, som er 5,8 prosent av driftsinntektene. Fram til 2026 vil netto finansutgifter ha auka med 308 millionar til om lag 724,5 millionar kroner (10,4 prosent)
  • Lånegjelda var i 2022 på 98 prosent av brutto driftsinntekt. I 2026 vil lånegjelda vere på 138 prosent. Det vil bety lite handlingsrom i åra som kjem på grunn av auka renter og avdrag

Skal jobbe med kutt
Fylkeskommunedirektøren sa i fylkesutvalet at arbeidet med økonomiplanen for 2024-2027 allereie er i gang. I mars skal det vere dialogmøte med avdelingane om moglege tiltak for effektivisering og omstilling.

Som ein konsekvens av prisstigninga i 2022, eit for høgt driftsnivå og aukande lånegjeld skal fylkeskommunedirektøren og hennar stab sjå på korleis ein kan ta ned drifta med 100 millionar kroner i året i den komande økonomiplanperioden.

Rekneskapen for 2022 blir vedtatt av fylkestinget 24. april.

Publisert: 27.02.2023 14:46

Sist oppdatert: 27.02.2023 14:53

Mer om