Solid posisjon for Moere Trafo
SYKKYLVEN: Møre Trafo har ein sterk marknadsposisjon innan norsk energiforsyning. Selskapet har 134 tilsette og er den nest største private arbeidsgjevaren i Sykkylven. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Solid posisjon for Møre Trafo

Det vart eit godt år for Møre Trafo i fjor også. 

Kristin Vidhammer
01.08.2018

Selskapet hadde i fjor ei omsetning på 330 millionar kroner, som er 10 millionar kroner lavare enn rekordåret 2016. Resultat før skatt vart 21 millionar, mot 33 året før. Selskapet fornya blant anna ein svært viktig avtale i fjor.

- Vi har nettopp fornya kontrakten som leverandør av fordelingstransformatorer for Hafslund Nett, som er det største nettselskapet i Norge, sa adm. direktør Tor Rieve Kristiansen til NETT NO i juli i fjor.

Les også: Sykkylven-bedrift slo alle rekordar

Marknadsleiar i Norge på transformatorar og nr. to på nettstasjoner
Møre Trafo produserer fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett, slik som lavspenningstavler og tekniske hus mellom anna. Også 2014 og 2015 var gode år for Møre Trafo.

- Vi er ikkje prega av konjunkturar som andre bransjer, og i åra framover må Norge også auka robustheita i det elektriske distribusjonsnettet. Der er både ein del vedlikehaldsinvesteringar som må gjerast framover, og folk må også ha straum, sa Rieve Kristiansen til NETT NO for eit par år sidan.

Les også: Full fart for Møre Trafo i Sykkylven

Også søsterselskapet i Sverige gjorde det bra
Norge er hovudmarknad for Møre Trafo, med 271 millionar av omsetninga i fjor. Resten av omsetninga gjekk til Norden forøvrig.

Styret skriv i årsmeldinga for i fjor at marknaden, i hovudsak energiverk, oppfattast som stabilt og at Møre Trafo har god posisjon i Norge og Sverige.

- Selskapet har ein sterk marknadsposisjon innan norsk energiforsyning og arbeidar med å styrke den yttarleg i 2018, skriv styret vidare.

Møre Trafo er eigd av Møre Electric Group, bak dette selskapet står familieselskapet Rieve Gruppen og det franske konsernet Schneider Electric med ein eigarskap på henhaldsvis 66 og 34 prosent.

Også søsterselskapet til Møre Trafo, KL Industri AB i Sverige, gjorde det nesten like godt i fjor. Dei fekk eit resultat etter skatt på 12,7 millionar og omset også for nokre hundre millionar kroner.

Stor arbeidsgjevar
Ved årsskiftet var 134 tilsette i Møre Trafo, noko som gjer bedrifta til den neste største private arbeidsgjevaren i Sykkylven. Møre Trafo har også investert mykje ved anlegget i Sykkylven siste ti-tolv åra.

Selskapet har også salskontor i Skien og ved Holter, sør for Gardermoen.

I fjor kunne dei norske og franske eigarane ta ut til saman 30 millionar i utbyte frå Møre Electric Group, herav 12 millionar frå Møre Trafo. Sistnevnte selskap har ein bokført eigenkapitalandel på nesten 54 prosent.

Rieve Gruppen Holding er eit familieselskap eigd av Rieve Kristiansen-familien; Tor, Jo og Dag med hhv. 50,2, 24,9 og 24,9 prosent.


Publisert: 01.08.2018 06:00

Sist oppdatert: 13.07.2022 22:10

Mer om