Solide tal for Cantor
OSLO: Nytt solid år for Helge Bøe og Cantor.
Nytt

Solide tal for Cantor

Nytt godt år for Bøe-familien.

27.03.2018
Det Ålesund-registrerte selskapet Cantor tener gode pengar på å levere tenester innanfor økonomistyring.
Den utflytta stryningen Helge Bøe leier selskapet frå Oslo, medan ein i tillegg har kontor i Ulsteinvik.

Rekord

I 2017 leverte selskapet tenester for 27,7 millionar kroner, og slo så vidt rekorden frå året før. Då var omsetninga 27,6 millionar, den høgste sidan starten i 1993.
Resultatet før skatt enda på 8,3 millionar kroner, mot 8,6 millionar året før.
Helge Bøe og familien kan no ta ut eit konsernbidrag for 2017 på 6,1 millionar kroner.

Obos

Cantor sine løysingar innanfor økonomistyring vert nytta i ei rekkje bransjar, men selskapet har fått eit sprsielt godt fotfeste innanfor eigedom og bustadforvaltning.
På kundelista finn ein mellom anna storaktøren Obos med meir enn 200 brukarar internt og rundt 5.000 eksternt.

Publisert: 27.03.2018 14:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20