Solstad avtale signert
TAKKAR: Solstad-sjef Lars Peder Solstad takkar i børsmelding alle partane i refinansieringsforhandlingane. 
Nytt

Solstad-avtale signert

Kreditorane blir største eigar.

27.05.2020
Seint fredag kveld varsla offshorereiarlaget Solstad Offshore at selskapet har signert ein avtale om refinansiering av selskapet. Refinansieringa skal vere gjennomført seinast 8. november i år.

Selskapet kom i mars med ei melding om korleis selskapet ville bli refinansiert, og no er avtalen om korleis det skal gjerast på plass.

Hovedtrekka i avtalen er oppsummert i fire punkt:
10,9 milliardar kroner i gjeld blir gjort om til eigenkapital.
37 skip skal selgast eller hoggast opp.
Gjeldstrukturen blir forenkla og storparten av gjelda blir samla i eitt lån. Etter at lån er gjort om til eigenkapital og selskapet har kvitta seg med skip vil gjelda i selskapet vere omlag ni milliardar kroner.
Dagens eigarar vil i første omgang berre eige 0,4 prosent av selskapet etter gjeldskonveretering. Men administrande direktør Lars Peder Solstad og andre industrielle eigarar kan skyte inn nye pengar og få ein eigarandle på inntil ein tredjepart av selskapet. Andre industrielle eigarar er Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Holding og John Fredriksen Hemen Holding, som før refinansieringa eig tilsaman 36 prosent av offshorereiarlaget.

Publisert: 27.05.2020 19:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57