Solstad sel heile PSV-flåten
Sel 37 forsyningsskip til amerikanske Tidewater.
Skudenes-baserte Solstad Offshore opplyser i ei børsmelding tysdag at selskapet sel heile PSV-flåten på 37 skip til Tidewater.
Salet er gjort til 577 millionar US dollar, men fører til at Solstad Offshore reduserer gjelda si med seks milliardar kroner. I dag er gjelda rundt 21 milliardar kroner.
Etter salet sit Solstad att med 41 offshoreskip, i tillegg til seks skip som også vert vurdert selde.
Kjøpte Rem Offshore
Solstad Offshore er norges største offshoreselskap, og slukte blant anna Herøy-selskapet Rem Offshore i 2016 etter ein opprivande strid.
Selskapet melder at ein no skal styrke satsinga på fornybar energi, i tillegg til å sitje att med ein flåte med avanserte ankerhandlarar og subseaskip som skal operere i high end-marknaden.
Skifte i strategi
Solstad-direktør Lars Petter Solstad seier at salet representerer eit skifte i strategi i ein ny marknadssituasjon. Medan PSV-ane i stor grad var innretta mot olje- og gassindustrien, kan ankerhandlarar og subseaskip gjere oppdrag for fornybarindustrien, i tillegg til olje og gass.
I tillegg vil salet styrke selskapet si finansielle stilling.
Publisert: 07.03.2023 09:10
Sist oppdatert: 07.03.2023 09:34