Solstad tok over milliardskipet
OVERLEVERT: Med sine 180 meter er Nordmand Maximus det største offshoreskipet Vard har bygd. Her under slep til utrustning i Brattvåg.
Nytt

Solstad tok over milliardskipet

Solstad Offshore har tatt over Nordmand Maximus.

31.10.2016
Eigarskiftet skjedde fredag 28. oktober,
Skipet er 180 meter langt, har 33 meters breidde og eit arbeidsdekk på 2500 kvadratmeter.
- Dette er den største einskildkontrakta (for Vard, red. merk), både i verdi og storleik, sa kommunikasjonssjef Hege Akselvoll i Vard då kontrakten blei offentlegjort i 2014.
Prisen er ikkje offentleggjort, men NETT NO sitt anslag då byggjekontrakta blei kjent var at det er snakk om i overkant av to milliardar kroner.

Rett i arbeid

Solstad Offshore har avtale om å leige ut skipet til italienske Saipem i åtte år etter at skipet er levert. I tillegg har leigetakaren rett til å leige skipet i ytterlegare tre eitt-årsperiodar.
Det er spesielt utrusta for å leggje rør på store djup og under krevjande vêr. Det blir mellom anna utrusta med ein 600 tonns offshorekran, og vil ha ein 4000 tonns karusell under dekk for lagring av mellom anna fleksible rør og kablar.

Dramatikk i Brattvåg

Skipet er utrusta ved Vard-verftet i Brattvåg og vart døypt i sommar, då dei etter den opphavleg planen eigentleg skulle overleverast.
Skorget vart slept til Brattvåg i desember 2015. Under orkanen "Tor" i vinter var vinden så sterk at fartyet sleit fortøyningane natt til laurdag 30. januar. Bergingsmannskapet fekk kontroll over situasjonen i løpet av natta.

Publisert: 31.10.2016 09:33

Sist oppdatert: 03.03.2021 14:16