Solstrand med vellukka snuoperasjon
NYMÅLA OG SNART NYMÅLA: Inter Fjord /t.v.) har mellom anna fått ny måling og bunnstoff i dokka nyleg. Snart får også dokka ved verftet ny måling utvendig.
Nytt

Solstrand med vellukka snuoperasjon

Med nye eigarar fekk Tomrefjord-verftet den høgaste omsetning på ti år i fjor.  

Marius Rosbach
01.07.2020

Etter at Rekdal Industrier ved Tore Rekdal kjøpte Solstrand Verft frå Øyvind Sævik i 2016, er det gjort fleire grep dei siste åra for å sikre sunn drift ved det tradisjonsrike verftet.

Mellom anna er Solstrand delt opp i eit driftsselskap og eit eigedomsselskap, som er lagt innunder Rekdal Group. I tillegg er kreditorgjeld betalt ut og ny kapital skote inn.

– Det er kortversjonen av kva som har skjedd, fortel eigar og dagleg leiar Tore Rekdal til NETT NO.

– Vi har gjort ein del opprydding og det verkar vere god medisin, legg han til.

Høgaste omsetning på ti år
Resultata talar for seg sjølv. Frå 2018 til 2019 steig omsetninga frå 45 til 81 millionar kroner. Det er den høgaste omsetninga ved verftet sidan 2010.

Etter eit resultat om lag i balanse i 2018, enda fjoråret med eit driftsoverskott på drygt fem millionar (sjå tabell under).

Det gir ein driftsmargin på drygt seks prosent – noko som må seiast å vere bra i dagens marknad for den maritime industrien.

Rekdal tok ut to millionar i utbytte, medan om lag same sum blei overført til eigenkapitalen. Der stod det ved utløpet av 2019 til saman kring 10 millionar kroner. Verftet hadde då også oppført leverandørgjeld på 13,5 millionar og anna gjeld til kredittinstitusjonar på nær tre millionar, ifølgje årsberetninga.

Ikkje koronabrems
Så langt i år ser ting også bra ut, og for tida har verftet seks båtar inne til arbeid.

– Vi har hatt eit bra år til no. Vi har teke nokre grep i forkant og vore heldige til no, seier Tore Rekdal.

Leiinga skriv i årsberetninga datert 12. juni, at koronapandemien ikkje gir vesentleg usikkerheit eller negative verknader for verftet.

Rekdal fortel at dei i hovudsak gjer arbeid på fartøy frå kystfiskeflåten, men også brønnbåtar. Den siste tida har båtar som Ro Fjell, Ro Master, Inter Fjord og Leinebris vore i dokka på verftet.

Samtidig har dei gjennomført ein del investeringar i dokka - som snart får ny kvitmåling på utsida også.

Mellom 70-80 arbeidarar innfor portane
Tore Rekdal veks opp på verft og viser til at Solstrand har ei tradisjonsrik historie å ta vare på med røter tilbake til 1955.

– Vi skal vere forsiktige og bygge stein på stein, slik at Solstrand verft blir eit ettertrakta og føretrekt verft, seier Rekdal som roser dei tilsette for stå-på-vilje. Han er sjølv er i dagleg arbeid ved verftet.

Han fortel at dei inkludert innleige og leverandørar er mellom 70 og 80 arbeidarar innafor portane for tida. Ifølgje rekneskapen for 2019 var det 12 årsverk tilsett i selskapet i fjor.

Vi skal vere forsiktige og bygge stein på stein, slik at Solstrand verft blir eit ettertrakta og føretrekt verft

Solstrand Verft AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

81,9

45,1

Driftsresultat

5,2

0,6

Res. før skatt

5

0,8


Publisert: 01.07.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.06.2021 07:59

Mer om