Spaar under 60 dollar fatet i 2050
MÅ VURDERE LANGSIKTIG: Det er viktig for oss å ikkje bli for påverka av kortsiktige hendingar, sa Eldar Sætre då han forklarte korleis Equinor spår framtidige oljeprisar, og viste til koronakrisa og enkelthendingar i verda i år. 
Nytt

Spår under 60 dollar fatet i 2050

Equinor nedjusterer oljeprisforventningane sine for nordsjøolje.

29.10.2020
NPK-NTB-Mette Estep: Oljeprisen ligg no svært lågt, og ved børsslutt onsdag vart eit fat nordsjøolje omsett for 38,94 dollar fatet. Selskapet trur ikkje det vil halde fram. Equinor trur på ein stigande pris utover i tiåret, men likevel ikkje så mykje som tidlegare spådd.

Prisauke før det dabbar av

For nordsjøolja forventar Equinor no at oljeprisen skal styrkje seg frå dagens låge nivå til rundt 65 dollar fatet i 2025, før tippa dei 78 dollar. Deretter blir det venta ein ytterlegare prisauke fram til 2030, utan noko konkret prisestimat, og så trur analytikarane til selskapet prisen vil dabbe av. Dei estimerer no 64 dollar per fat i 2040, som er ei kraftig nedjustering frå tidlegare anslag som var på heile 82 dollar fatet.
Det set snittprisen for nordsjøolja til under 64 dollar fatet i perioden 2021-2050, og prisen til under 60 dollar fatet i 2050.
– Det er basert på grundige marknadsanalysar, og vi gjer det typisk i tredje kvartal. Det er viktig for oss å ikkje bli for påverka av kortsiktige hendingar, seier konsernsjef Eldar Sætre på pressekonferansen på Fornebu torsdag, med tilvising til koronakrisa og enkelthendingar i verda i år.

Stor uvisse

I rapporten er det likevel nemnt ei lang rekkje faktorar som på lang sikt påverkar, inkludert dynamikken mellom Opec-landa, global politikk, leverandørindustrien og prisar på råmateriale der, og dessutan større naturkatastrofar og energimarknader elles.
Han heldt fram med å gjere greie for utviklinga selskapet ser for seg:
– Å prøve å føreseie desse prisane fleire tiår i førevegen medfører svært stor uvisse, seier Sætre, og minner om tidlegare spådommar som ikkje har slått til.

Publisert: 29.10.2020 14:45

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:29