NTB Ea1 P3m43q A
GRATISFERJER: Det har kome reaksjonar på Senterpartiets brosjyretabbe om gratis ferjebillettar. Foto: Hallvard Østrem / NPK
Nytt

Sp lova for mykje i brosjyre om ferjebillettar

Lova ved ein feil gratissamband der det var under 100.000 bilar årleg.

10.05.2022

Mange er glade for at regjeringa innfører gratis ferjebillett på samband med under 100.000 passasjerar i årstrafikk. Lovnaden til Senterpartiet var derimot gratisbillett på samband med under 100.000 bilar i året.

I Senterpartiets eigne brosjyrar og i innlegg i sosiale medium lovar partiet gratis ferjer på ordinære fylkeskommunale ferjesamband med under 100.000 bilar i årstrafikk. Frå 1. juli i år blir det derimot gratis å reise med ferje på strekningar med under 100.000 passasjerar i året.

Hadde reklamen til Sp vore rett, ville endå fleire ferjestrekningar vorte gratis, skriv NRK.

Erling Sande (Sp), som er leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, forstår at det kan vere forvirrande.

– Det var ein skrivefeil i noko av det materiellet som gjekk ut som sa at det var snakk om 100.000 bilar. Så har partiet prøvd å korrigere det. Men eg ser det går att enkelte plassar.

– Tilfeldige gratisferjer
Fylkestingsrepresentant Stig Tore Skogsholm i Høgre forstår at alle kan gjere feil, men meiner det likevel er tilfeldig kva som avgjer gratis ferje. Regjeringa tek nemleg utgangspunkt i passasjertal frå 2019. Dette var det siste «normalåret» før pandemien slo til.

Det betyr at dei som bur ved eit samband som hadde under 100.000 passasjerar i fjor, men ikkje i 2019 ikkje får gratis billett – i denne omgangen.

– Dette slår også urettferdig ut for samfunn som er så uheldige å ha eit ferjeanløp som er ein del av eit større samband med meir enn 100.000 passasjerar.

- Dei får ikkje gratis ferje, medan identiske ferjeanløp i mindre samband får gratis billett, seier Skogsholm.

Erling Sande opplyser at regjeringa kjem til å vere presise på dette når dei legg fram revidert nasjonalbudsjett og at dei skal gå gjennom alle innspela.

Han er også klar på at Stortinget kan gjere endringar etter at regjeringa har lagt fram forslaget nasjonalbudsjettet.

Dei får ikkje gratis ferje, medan identiske ferjeanløp i mindre samband får gratis billett
Stig Tore Skogsholm

Dette er sambanda:
Desse sambanda har under 100.000 passasjerar:

* Hisarøy – Mjånes (Vestland) – 8480 passasjerar

* Barmen – Barmsund (Vestland) – 8741

*Mekjarvik – Kvitsøy (Rogaland) – 10356

* Digermulen – Finnvik (Nordland) – 12859

* Stokkvågen – Træna (Nordland) – 18159

* Mosjøen – Hundåla (Nordland) – 18453

* Igerøy – Tjøtta (Nordland) – 18629

* Nordnesøy – Kilboghamn (Rødyøysambandet) (Nordland) – 18649

* Ortnevik – Måren – Nordeide (Vestland) – 23244

* Sund – Horsdal – Sørarnøy (Nordland) – 33122

* Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad (Vestland) – 36678

* Abelnes – Andabeløy (Agder) – 38206

* Daløy – Haldorsneset (Vestland) – 38384

* Molde – Sekken (Møre og Romsdal) – 38540

* Fjelberg – Sydnes – Utbjoa (Vestland) – 45495

* Kinsarvik – Utne (Vestland) – 45710

* Festøya – Hundeidvika (Møre og Romsdal) – 46854

* Fedje – Sævrøy (Vestland) – 49585

* Småge – Orta – Finnøya – Sandøya – Ona (Møre og Romsdal) – 50498

* Florabassenget (Vestland) – 52640

* Ørnes – Vassdalsvik – Meløysund – Bolga – Støtt (Nordland) – 55177

* Larsnes – Åram- Voksa- Kvamsøy (Møre og Romsdal)

* Arasvika – Hennset (Møre og Romsdal) – 63539

* Svolvær – Skrova – Skutvik (Nordland) – 64936

* Skei – Gutvik (Trøndelag) – 67051

* Sæbø – Leknes – Skår – Trandal – Standal (Møre og Romsdal) – 77207

* Nesna – Nesnaøyene (Nordland) – 77868

* Masfjordnes – Duesund (Vestland) – 81132

* Drag – Kjøpsvik (Nordland) – 81423

* Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella (Vestland) – 84633

* Stokkvågen – Onøy – Sleneset – Lovund (Nordland) – 84799

* Husavik – Sandvikvåg (Vestland) – 87913

* Jektvik – Kilboghamn (Nordland) – 94276

* Tjøtta – Forvik (Nordland) – 95223

* Horn – Igerøy (Nordland) – 95292

Kjelde: Ferjedatabanken.no/statistikk

Publisert: 10.05.2022 12:44

Sist oppdatert: 10.05.2022 12:52

Mer om