NPK-NTB: – Det skal ikkje vere mogleg å lure seg unna når det blir vedtatt næringsforbod. Derfor må alle møte opp og stemme, dei kan ikkje halde seg unna fordi det er komfortabelt eller av omsyn til eigen valkrets, seier Geir Pollestad (Sp), som er leiar av næringskomiteen på Stortinget.
Partiet vil samtidig framme forslag om «full erstatning» for pelsdyrbønder som no blir tvinga til å avvikle.
– Erstatninga som no ligg på bordet, er ikkje fullgod. Avviklinga vil få store økonomiske konsekvensar for dei som blir ramma, seier Pollestad til NTB.
Venstre fekk både under forhandlingane på Jeløya i fjor og Granavollen i år gjennomslag for å legge ned pelsdyrnæringa, eit standpunkt verken KrF, Høgre eller Frp i utgangspunktet deler.
Før helga la dei fire regjeringspartia fram ei forbetra kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene. Individuell vurdering av gjeld ved kvart enkelt bruk, kompensasjon til dei over 62 år, opning for å auke den økonomiske totalramma på 505 millionar kroner og auka støtte til riving av byggverk er hovudelement i pakka.
Partiet vil samtidig framme forslag om «full erstatning» for pelsdyrbønder som no blir tvinga til å avvikle.
– Erstatninga som no ligg på bordet, er ikkje fullgod. Avviklinga vil få store økonomiske konsekvensar for dei som blir ramma, seier Pollestad til NTB.
Venstre-gjennomslag
Han understrekar at Sp òg tidlegare har stilt med alle stortingsrepresentantane sine i spørsmål som har vore prinsipielt viktige for partiet.Venstre fekk både under forhandlingane på Jeløya i fjor og Granavollen i år gjennomslag for å legge ned pelsdyrnæringa, eit standpunkt verken KrF, Høgre eller Frp i utgangspunktet deler.
Før helga la dei fire regjeringspartia fram ei forbetra kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene. Individuell vurdering av gjeld ved kvart enkelt bruk, kompensasjon til dei over 62 år, opning for å auke den økonomiske totalramma på 505 millionar kroner og auka støtte til riving av byggverk er hovudelement i pakka.
Publisert: 04.06.2019 09:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35