Spansk verft paa plass
MARKNADSFØRING:  Marknadsdirektør Luis Magro Tovar i spanske Zamakona Yards brukar Blue Fish-messa som ein arena for å treffe nye og gamle kundar.
Nytt

Spansk verft på plass

Kvar tredje månad er marknadsdirektør Luis Magor Tovar eller kollegaer frå det spanske verftkonsernet Zamakona på besøk i Noreg. Då var det naturleg å stille ut på fiskerimessa i Ålesund.

30.08.2017
Zamakona Yards har mellom anna bygd brønnbåtane Ronja Huron og Ronja Polaris, og har bygd farty av både Skipsteknisk, Rolls-Royce og Ulstein-design.
Det siste oppdraget er bygging av eit serviceskip for offshore vindmølle-bransjen. Skipet skal byggast for det danske reiarlaget Esvagt og designet er det Havyard som står for.

Viktig marknad

Ideen om ei fiskerimesse i Ålesund som blei først lansert i vinter, men innan fristen gjekk ut hadde omlagt 80 utstillarar meldt seg på. Det er fullt hus i høve til den plassen som Blue Fish disponerer i og utanfor Sparebanken Møre Arena.
Norske utstillarar dominerer, men messa har og lukkast i å rekruttere frå utlandet, mellom dei Zamakona Yards.
- Noreg er ein viktig marknad, seier Luis Magor Tovar i Zamakona.

Tøffare konkurranse

Zamakona byggjer alle typer skip. Etter at offshorboomen klappa saman har verftskonsernet retta seg mot alt frå fiskebåtar til ferjer.
Tovar seier Zamakona mellom anna har vore, og skal vere, med i konkurransen om bygging av nye ferjer.

Publisert: 30.08.2017 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13