
Sparebanken mot straumen
Rekordhøg utlånsvekst førre kvartal. Vil bruke tid til å svare ut pålegg frå Finanstilsynet.
Sparebanken Møre sine tal for andre kvartal viser en utlånsvekst i personmarknaden på nær 1,5 milliardar kroner, den høgaste kvartalsveksten i bankens historie.
«Nasjonale tall viser at utlånsveksten er lav, og det er tøff konkurranse om kundene. Derfor er det gledelig at vi har en så sterk utlånsvekst både i person- og næringslivsmarkedet», uttaler banksjef Trond Nydal i ei pressemelding om tala.
Utviklinga gjer at banken auka resultatet i perioden, samanlikna med andre kvartal i fjor (sjå tabell under).
Banken har ein egenkapitalavkasting på 15,1 prosent, mot 13,6 i same periode i fjor.
Også regionen går mot straumen elles i landet og mange næringar på Nordvestlandet nyter godt av svak kronekurs.
Tal frå Norges Banks rapport «Regionalt nettverk» stadfestar at det ventast ein betre økonomisk utvikling på Nordvestlandet enn i dei fleste andre regionane i landet, heiter det i meldinga frå banken.
Nyleg fortalde Nett No at det overordna ser ganske positivt ut, etter at Sparebanken Møre hadde vurdert tilstanden til bransjane den har lånt ut pengar til.
I rapporten viser banken også til at dei har fått varsel om pålegg frå finanstilsynet om praksisen med bokføring av utbetalte gåver.
Sparebanken skriv at dei er usamde i vurderingane frå tilsynet, og at dei vil nytte tida til fristen 26. august til å ha ein gjennomgang og vurdering av grunnlaget for pålegget, heter det i børsmeldinga.
Sparebanken Møre | ||
2. kvartal. i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 608 | 543 |
Resultat før tap | 359 | 332 |
Resultat før skatt | 394 | 335 |
Sparebanken Møre | ||
Per 2. kvartal. i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 1.186 | 1.043 |
Resultat før tap | 709 | 634 |
Resultat før skatt | 727 | 604 |
Publisert: 14.08.2024 09:33
Sist oppdatert: 14.08.2024 09:45