Nytt
Spetalen kjøper billege sunnmørs-skip
Dei tre PSV-ane Volstad Viking, Volstad Supplier og Volstad Princess er kjøpte av Spelaten-kontrollerte Standard Drilling.
19.01.2017
Øystein Stray Spetalen har dermed sikra seg ein flåte på ti offshoreskip etter å ha gjort storhandel med Ålesund-selskapet Volstad Shipping.
Alle dei tre skipa er store PSV-ar bygde ved Aker Brattvaag i perioden 2007 - 2008.
I ei børsmelding frå Standard Drilling vert det opplyst at dei tre skipa er kjøpte for ein samla sum på 40 millionar US dollar, noko som med dagens kurs tilsvarar rundt 340 millionar kroner.
I børsmeldinga frå Standard Drilling vert det understreka at målet er å gjere ytterlegare kjøp av billege skip.
Det vert vist til at dei tre Volstad-skipa er kjøpt til ein snittpris på 13,3 millionar dollar, noko som er 67 prosent lavare enn prisen på nybygga (40,6 millionar dollar), og 47 prosent lavare enn kalkulert verdi på skipa i eit 25-årig perspektiv.
- Fartøya har ein upåklageleg 'track record' og bidreg til at selskapet kan gå inn i den norske marknaden.
- Med sin isklasse er det truleg at skipa vil få oppdrag i tøffe sub-arktiske område, seier styreleiar Martin Nes, i børsmeldinga.
Fletcher Shipping vil vere teknisk og kommersielt ansvarleg for skipa.
Standard Drilling opplyser at oppkjøpet av dei tre Volstad-skipa er venta å vere fullført i løpet av februar, etter at inspeksjon av skipa er gjennomført.
Alle dei tre skipa er store PSV-ar bygde ved Aker Brattvaag i perioden 2007 - 2008.
I ei børsmelding frå Standard Drilling vert det opplyst at dei tre skipa er kjøpte for ein samla sum på 40 millionar US dollar, noko som med dagens kurs tilsvarar rundt 340 millionar kroner.
Vil kjøpe meir
Saman med Kjell Inge Røkke, Kristian Siem og John Fredriksen, har Øystein Stray Spetalen kasta seg inn i kampen om å kjøpe billege offshoreskip medan marknaden er på botn.I børsmeldinga frå Standard Drilling vert det understreka at målet er å gjere ytterlegare kjøp av billege skip.
Det vert vist til at dei tre Volstad-skipa er kjøpt til ein snittpris på 13,3 millionar dollar, noko som er 67 prosent lavare enn prisen på nybygga (40,6 millionar dollar), og 47 prosent lavare enn kalkulert verdi på skipa i eit 25-årig perspektiv.
Rosar kvaliteten
Standard Drilling rosar kvaliteten på dei tre skipa, spesielt evna til å takle røffe vêrforhold.- Fartøya har ein upåklageleg 'track record' og bidreg til at selskapet kan gå inn i den norske marknaden.
- Med sin isklasse er det truleg at skipa vil få oppdrag i tøffe sub-arktiske område, seier styreleiar Martin Nes, i børsmeldinga.
Fletcher Shipping vil vere teknisk og kommersielt ansvarleg for skipa.
Standard Drilling opplyser at oppkjøpet av dei tre Volstad-skipa er venta å vere fullført i løpet av februar, etter at inspeksjon av skipa er gjennomført.
Med sin isklasse er det truleg at skipa vil få oppdrag i tøffe sub-arktiske område
Publisert: 19.01.2017 16:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05