Spilka-avtale om regjeringskvartalet
Blir partnar i utviklingsprosjekt for veggløysingar til regjeringskvartalet.
Saman med design- og teknologiutviklingsselskapet Inventas og veggpanel-leverandøren Vyrk skal Spilka Industri vere partnar i konsortiet som skal utvikle korleis og kva for innerveggar som skal byggast i det nye regjeringskvartalet.
Det blir Spilka Industri og Vyrk som i fellesskap vil eige retten til løysinga som blir utvikla.
Etter at løysninga dei kjem fram til er testa og godkjent gir kontrakten ein opsjon på kjøp av innerveggene til ein verdi inntil 135 millionar kroner, følgje ei pressemelding frå Statsbygg.
Nye satsingar
Tidlegare i år lanserte Spilka Industri - gjennom datterselskapet Spilka Building Solutions - sitt eige system for montering av utvendige veggar, laga for å forenkle monteringarbeidet og forlenge levertida til veggane.
Målet med den satsinga er å gi Spilka Industri eit nytt bein å stå på, etter at konkurransen i vindusbeslagmarknaden har blitt tøffare og tøffare.
Nye marknad
Regjeringskvartalprosjektet er eit steg inn i marknaden for ikkje- berande innvendige veggar, der målet mellom anna er at veggelementat kjem til byggeplassen klar for montering, med mellom anna elektriske anlegg innebygd.
Planen er og at veggane skal kunne demonterast og flyttast.
- Vi ser klare parallellar i dette prosjektet til vår nyleg lanserte fasadeløsning Fixade, seier administrerande direktør Terje i Spilka Industri i pressemeldinga.
Publisert: 03.02.2022 12:00
Sist oppdatert: 15.02.2022 12:59