Sport Norge legg ned i A Alesund
Nytt

Sport Norge legg ned i Ålesund

Framtida er usikker for to av sportsbutikkane ved Amfi Moa. Men senterleiaren trur minst ein overlever.

Marius Rosbach
25.02.2020
I helga blei det kjent at nok ein sportsbutikk i Ålesund forsvinn i løpet av den næraste tida. Det er som melder at Sport Norge legg ned åtte butikkar, mellom dei Ålesund-butikken på Amfi Moa.
Butikken på kjøpesenteret har ni tilsette. Den lokale butikkleiiinga ønsker ikkje å uttale seg om saka til NETT NO.

Trur på framleis drift av G-Sport

Senterleder Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa fortel til NETT NO at ho ikkje veit stort meir enn det som står i media. Også framtida til G-Sport-butikken ved senteret er usikker etter Gresvig-konkursen.
Kleppe trur likevel ikkje at begge dei to butikkane ved senteret forsvinn.
– Eg trur at G-Sport-buet blir kjøpt opp og at dei vil bestå. Vi har åtte millionar besøkande årleg, og trur at det uansett vil vere aktuelt å helde fram med sportsbutikk i desse lokala, seier ho.

– Styrt avvikling

Konsernsjef Tor Andre Skeie seier til E24 at avgjerda er ein del av ein endra strategi for å satse meir på outlet-marknaden. Opptil 60 tilsette blir råka av nedleggingane.
– Butikkane er ikkje konkurs. Det er ein styrt avvikling for butikkar som ikkje har hatt gode resultat, seier han til nettavisa.
Skeie seier dei har Sport Outlet-butikkar i eller nær alle byane der dei i dag legg ned sport Norge-butikkar. I løpet av kort tid vil det starta opphøyrssal i dei åtte butikkane.

Usikkert for G-Sport-butikkar

Nyleg blei det kjent at framtida til ei annan sportsbutikk ved kjøpesenteret , , etter at eigarane i .
Både den butikken og G-Max-butikken i Brevika held ope inntil vidare. Dei fleste G-Sport-butikkane på Nordvestlandet er franchise-butikkar, som .
Kva som skjer med Gresvig-buet er ikkje klart. I førre veke ble det kjent at familieselskapet til Olav Nils Sunde har lagt inn bod. Den utflytta ålesundaren har investert store summar i sportskjeda dei siste åra, og skal hatt kring 600 millionar uteståande i kjeda då selskapet gjekk konkurs.

Les meir:




Publisert: 25.02.2020 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53