Spotprisen kan skyte i veret
FRAMLEIS LÅG PRIS: Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi påpeiker at straumprisen er historisk låg, men ei auke kan vere i vente. 
Nytt

Spotprisen kan skyte i veret

I våre nordiske naboland har dei i sommar betalt fem gongar meir for straumen enn kundane i Midt-Norge. 

Marius Rosbach
11.09.2020
Denne sommaren har det vore uvanleg store differansar mellom prisområda, og spesielt Sør-Sverige, Danmark og Finland har hatt høg sommarspot, skriv kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energy i månadsrapporten for august.

Mindre kjernekraft

I august var kraftprisen i Midt-Norge på 6,8 øre, medan den i Oslo berre var 3,7 øre. I Stockholm og Køben hamn derimot har dei betalt kring 34 øre.
- Dette syner at spot kan kome til å stige vesentleg så snart forholda vert meir normaliserte, og prisområda heng betre saman, skriv Havåg i rapporten.
- Dette har delvis samanheng med lågare kjernekraftproduksjon enn planlagd, men og langvarige reduksjonar på mellomlandskablane inn og ut av landet, forklarar analytikaren.

Vêret som normalt

Vêret i august vart ikkje mykje ulikt normalen, om ein ser på Noreg under eitt.
- Landsnedbøren vart 90 prosent av normalen, etter ein tørr juni og temmeleg våt juli. Sommaren under eitt vart dermed nær normalen når det gjeld nedbør, skriv Havåg.
I august var det også varmare enn den statistiske referansen, med 1,4 gradar over normalen, ifølgje .
Straumprisane har vore historisk låge, men kraft for levering neste år steig med seks øre i august.
- Framleis er prisen likevel relativt låg, samanlikna med leveringspris tidlegare på 2020- talet. Dei seinare åra er det berre 2015, og truleg 2020, som har lågare leveringspris enn det årskontrakten for 2021 ligg på no, er kraftanalytikaren sin vurdering,

Les også:







Spot kan kome til å stige vesentleg så snart forholda vert meir normaliserte

Publisert: 11.09.2020 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02