IKKJE BRUK
TYNGDEPUNKT I KRAFTPRODUKSJONEN: Ein tredel av norsk kraftproduksjon går føre seg på Vestlandet. Her Zakariasdammen i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Foto: Vidar Iversen
Nytt

Spår el-smell for Vestlandet

Kraftanalytikar trur Vestlandet blir straum-tapar med sokkel-elektrifisering.

NPK
03.01.2022

NPK: I dag står Vestlandet for over ein tredel av den norske kraftproduksjonen. Når olje- og gassinstallasjonane utanfor norskekysten skal fornyast med straum frå fastlandet, er det ikkje til å unngå at vestlendingane må betale for meir for straumen enn andre, seier kraftanalytikar John Brottemsmo til NRK Vestland.

Tanken bak elektrifiseringa av sokkelen er at plattformene i Nordsjøen skal sleppe å produsere straum i eigne gasskraftverk, slik at det norske utsleppet av klimagassar vil gå ned.

Prisane går opp
John Brottemsmo meiner at elektrifisering av sokkelen i verste fall vil fortrengje anna forbruk, ved at prisane må gå opp for å rasjonere mellom dei ulike kundane.

Energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier at Noreg aldri vil nå måla i Paris-avtalen utan ei elektrifisering av sokkelen. Ho lovar likevel at belastinga ikkje skal bli for stor for straumkundane.

Trur Vestlandet har nok
Likevel vedgår departementet at det er vanskeleg å vite kva effekt elektrifiseringa vil få for straumprisen, og at ein ikkje veit dette sikkert i dag. Samstundes meiner dei Vestlandet har meir enn nok kraft.

Framstegspartiet er skeptisk til elektrifiseringa av norske oljefelt.

– Det er ei avgrensa mengd kraft. Brukar vi den tilgjengelege krafta feil, kan det fort skje at vi tek vekk så mykje tilgjengeleg kraft at prisane vil stige, seier energipolitisk talsmann Terje Halleland i partiet til NRK.

Publisert: 03.01.2022 10:06

Sist oppdatert: 03.01.2022 10:52