Økonomisk vekst kombinert, med at ein aldrande handelsflåte som må fornyast - og at skipsbyggingskapasiteten på verdsbasis ikkje er stor nok. Det ligg bak skipsmeklarselskapet Clarksons optimistiske analyse for verfta.
Auka etterspørsel etter store handelsskip; tank-, tørrlast- og containerskip vil smitte over på skipsbyggingsmarknaden verda over - også i Noreg.
Det betyr mellom anna at verfta no kan berekne høgare marginar enn dei har gjort på fleire år, fortalde senioranalytikar Jørn K. Bakkelund frå skipsmeklarselskapet Clarksons på Verftskonferansen 2025 i Ålesund tysdag.
– Det er ein hyggeleg bodskap å kome med, seier Bakkelund.
Nedtur etter finanskrisa
Skipsbyggingskapasiteten i verda nådde toppen like etter finanskrisa i 2007/2008. Etter den kom ei kraftig nedbygging.
Det vart rett og slett bygd færre nye skip, og det er årsaka til at den internasjonale handelsflåten i gjennomsnitt har blitt eldre og eldre - som no er blitt ein av drivarane for auka skipsbygging igjen.
Det er spesielt Kina som rustar opp skipsbyggingkapasiteten sin. Den vil auke med 90 prosent fram til 2028, anslår Clarksons. Også i Korea ligg det an til auke i byggekapasiteten, med 20 prosent, medan den tredje store skipsbyggingsnasjonen - Japan - ikkje ligg an til auke.
Fullt hus
Verftskonferansen i Ålesund blir arrangert av Norsk Industri i starten av november kvart år.
Den går over to dagar, tysdag 4. november og onsdag 5. november. 450 er påmeldt, og den største konferansesalen til Scandic Parken her full. Folk måtte stå på venteliste for å bli med.
I tillegg til besøk frå Forsvarsdepartementet, som skal snakke om vilkåra i konkurransen om å få bygge Forsvaret sine nye standardiserte fartøy omfattar konferanseprogrammet fire andre tema:
- Marknadsutsiktene og EU sin nye maritime strategi.
- Korleis auke konkurransevne gjennom betre samarbeid i bransjen.
- Kva som bremsar det grøne skiftet.
- Rekruttering
Les programmet til verftskonferansen her (ekstern lenke)
Publisert: 04.11.2025 11:29
Sist oppdatert: 04.11.2025 11:46






