NTB Zh3be EX ihc IKKJE BRUK
PRISSJOKK: Den siste tida har vore prega av høge straumprisar og tiltak mot dette. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Spår høg straumpris i heile år

Energianalytikar: Marknaden trur på normaliserte straumprisar først frå 2023.

28.01.2022

NPK-NTB: Det ligg an til høge straumprisar gjennom heile sommaren i Sør-Noreg, ifølgje Tor Reier Lilleholt i Volue insight. Marknaden trur på ei normalisering frå 2023.

Til Dagens Næringsliv fortel analysesjefen at straumprisane heile sommaren vil vere langt høgare enn det vi er vane med.

– Vi snakkar om ein gjennomsnittspris i Sør-Noreg inkludert moms på rundt ei krone per kilowattime for andre og tredje kvartal – altså gjennom heile sommaren og ut september. Marknaden trur sommarprisen blir på vel 80 øre per kilowattime, pluss avgifter, mot vel 60 øre i fjor, seier Lilleholt.

Ifølgje analysesjefen trur marknaden på ei normalisering frå 2023, og framtidsprisane tyder på ein straumpris på fem øre meir per kilowattime (kWh) enn snittet for dei fem siste åra. For 2024–2030 ventar marknaden enn snittpris på 40–50 øre per kWh.

Publisert: 28.01.2022 08:55

Sist oppdatert: 28.01.2022 08:58