Erik W jakobsen menon klyngekonferansen 2023 foto Ogne
VEKST, MEN MEIR UVISSE OM LØNSEMDA: Erik W. Jakobsen frå Menon Economics presenterer Klyngeanalysen 2023 på Klyngekonferransen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår kraftig vekst for maritim klynge

Nær toppen frå 2014 neste år. Vindkraft største enkeltmarknad for første gong.

21.09.2023

Bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet har auka inntektene frå og med 2021, veks også i år og vil vekse vidare også i 2024.

Driftsinntektene vil gå frå 50 milliardar kroner i 2021 til 61 milliardar kroner neste år, anslår Menon Economics i klyngeanalysen for 2023.

Det er nær inntektene frå rekordåret 2014, mål i nominelle kroner.

Tjukkare orderebok
Bedriftene aukar ordeboka med 13 milliardar kroner samanlikna med i fjor, til 74 milliardar kroner. Det tilsvarar 15 månadars arbeid, seier Erik W. Jakobsen i Menon Economics, som presenterer analysen.

Det er utstyrsleverandørane - selskapa som lagar alt frå vinsjar til propellar - som medverkar mest til veksten, med verfta på andreplass.

Vind største marknad
For første gang er oppdrag knytt til utbygging og drift av vindkraftanlegg til havs den største einskildmarknaden for bedriftene i den maritime klynga. Den marknaden står for 17 prosent av driftsinntektene, ifølgje analysen.

Olje- og gassmarknaden sto for 41 prosent av inntektene i 2016, og står for 15 prosent no. Fiskeri står for 13 og akvakultur for 12 prosent av inntektene.

Sprikande forventningar til lønsemd
To av tre bedrifter i den maritime klynga reknar med av 2023 blir eit meir lønsamt år enn 2022. Samstundes er det også fleire som er redd lønsemda blir svekt. Det er andelen bedrifter som trur lønsemda blir på line med fjoråret som minkar.

I 2022 var det i underkant av 13.800 personar som arbeidde i den maritime klynge på Nordvestlandet.

I år er det rundt 14.000 og neste år rundt 14.750.

Publisert: 21.09.2023 11:38

Sist oppdatert: 21.09.2023 21:42

Mer om