Spaar mikrovekst for offshore flaaten
TØFT ÅR: Seismikkselskap blei hardast råka av verknaden av oljepriskrig og den verdsomspennande koronaepidemien i fjor, men får vekst i år og neste år, spår konsulent- og revisjonselskapet EY. Biletet viser seiskmikkskip i opplag ved Farsund. 
Nytt

Spår mikrovekst for offshore-flåten

Konsulent- og revisjonselskapet EY spår ein inntektsvekst for offshorereiarlaga på berre ein prosent i 2021 og 2022.

26.01.2021
I sin årleg rapport om tilstanden for den norske oljeservicebransjen skriv EY at offshorereiarane vil halde fram med å slite med overkapasitet, og at mange fartøy må takast ut av marknaden før det blir ein betre balanse mellom tilbod og etterspørsel sett frå reiarane side. Reiarane kan berre vente ein inntektsvekst på ein prosent i år og neste år.

Korona stoppa opptur

Oljeservicebransjen omfattar alle selskap som leverer tenester og utstyr til utvinning av olje og gass, frå verft og reparasjonsverkstadar, boreutstyr- og maskinprodusentar , til forsyningsbasar og offshorereiarlag.
I 2019 var driftsinntektene i oljeservicebransjen på veg opp for tredje år på rad. Dei samla driftsinntektene steig med 15,6 prosent samanlikna med året før, og driftsinntektene før skatt og avskrivingar (ebitda) steig frå 2,4 til 8,1 prosent.
I fjor fall driftsinntekten for oljeservicesselskap 10 prosent anslår EY, på grunn av verknaden av den verdsomspennande koronaepidemien og priskrigen i oljemarknaden. I år ventar EU driftsinntekter på line med 2020, og i 2021 ein vekst på seks prosent.

Tøffast for seismikk

Det var seismikkselskapa som fekk den tøffaste smellen i 2020.
Driftsinntektene fall 33 prosent, ifølgje EY-analysen. Til gjengjeld får seismikkselskapa den største auken i år og neste år. I år kan denne delen av oljeservicebransjen vente ein auke på fem prosent og i 2022 16 prosent.

Publisert: 26.01.2021 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13