Jarand Rystad foto Ogne
INGEN STABIL HØG OLJEPRIS: Jarand Rystad meiner investeringane i ny oljeproduksjonskapasitet er undervurdert. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Spår oljepriskollaps i 2024

Spådom frå Jarand Rystad i Rystad Energy. Sjå børstabellen for Nordvestlandet.

01.09.2022

Rystad er sjef for olje- og gassmarknadsanalyseselskapet Rystad Energy, og kom med spådommen under Dagens Næringslivs nett-tv-sending på ONS22, olje-og energimessa i Stavanger denne veka.

Sjå sendinga her

Investeringar som blir gjort no vil slå ut i auka produksjon for fullt i 2024. Då kan oljeprisen ein kort periode falle heilt ned til 20 dollar fatet. Då vil investeringar og aktivitet stoppe, og etter litt tid krympe tilbodet og prisen går opp igjen.

Rystad meiner mange bransjen overdriv kor lite som er investert i ny produksjonkapasitet etter oljeprisfallet i 2014. Vurderinga hans er at prisfall på varer og tenester til utvinning av olje og gass - saman med at nye brønnar blir drive meir effektivt - gjer at investeringane i ny kapasitet har vore større enn utviklinga i investerte beløp skulle tyde på. Bransjen har fått meir for pengane enn før med andre ord.

Gassprisen vil halde seg høg i minst fem år, fordi det tek tid for Europa å bli uavhengig av russisk gass.

8. mars i år nådde prisen på nordsjøolje nesten 128 dollar fatet. Klokka 16:22 i dag var prisen 93,83 dollar fatet, et fall på 1,8 prosent siden i går.

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 1,12 prosent i dag og berre fire at dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet hadde kursoppgang i dag.

Nortel steig mest, 4,76 prosent. Størst fall hadde Hav Group, med eit fall på 10 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 22 4,76 %
Atlantic Sapphire 19,49 3,95 %
Arctic Bioscience 14,45 1,05 %
Sparebanken Møre 73,4 0,27 %
Statt Torsk 2,18 -0,46 %
Havyard Group 3,5 -0,99 %
Salmon Evolution 8,5 -1,51 %
Hexagon Purus 24,18 -1,95 %
Hofseth Biocare 3,31 -2,07 %
Hexagon Composites 27,44 -3,11 %
Norva 24* 32,885 -3,77 %
Golden Energy Offshore Services 2,08 -4,15 %
Endúr 29,305 -4,85 %
Havila Kystruten 16,7 -5,11 %
Havila Shipping 14,66 -5,30 %
Hav Group 11,88 -10,00 %
*Svenske kroner

Publisert: 01.09.2022 16:51

Sist oppdatert: 01.09.2022 20:50

Mer om