Spaar Solberg faar fart paa baatelektrifisering
KJAPP ORDNING: Dei som søkjer om støtte etter den nye ordning for å stimulere til å montere batteripakkar ombord på offshore-, brønn- og fiskebåtar kan få svar på dagen, sa statsminister Erna Solberg på eit møte hos brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i dag. I bakgrunnen Sølvtranssjef Roger Halsebakk, kommunikasjonsjef Harald Tom Nesvik i Sølvtrans og fotograf Staale Wattø i Sunnmørsposten.
Nytt

Spår Solberg får fart på båtelektrifisering

Ei ny støtteordning frå Enova vil sette fart på elektrifisering av både offshore-, brønn- og fiskebåtar, meiner Corvus Energy-sjef Geir Bjørkeli.

03.11.2020

- Dette ser veldig bra ut, seier administrerande direktør Geir Bjørkeli i batteripakke-leverandøren Corvus Energy om den nye støtteordninga som statsminister Erna Solberg lanserte då hos besøkte brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund tidleg tysdag.

Han anslår at eit offshoreskip som typisk skal installere ein batteripakke til 20 millionar kroner kan få omlag 6,5 millionar kroner av kostnadane dekt gjennom den nye støtteordinga.

Også elektrifisering av brønnbåtar og fiskebåtar vil skyte fart med den nye ordninga, etter Bjørkeli si vurdering.

Meir frå statsministerbesøket:

Møter møbelbransje i oppsving

Skal doble Ekornes på fem år

Sølvtrans bestiller båtar for nesten 800 millionar

Vard kan likevel få dekka utgifter til smittevern

Kjapp ordning
Standariserte støttesatsar skal gjere det råd å gi svar på søknadar om støtte same dag som søknaden blir sendt, og sjølve søknaden skal det ikkje ta meir enn eit kvarter å skrive, ifølgje Solberg.

Det er Enova som skal motta og behandle søknadar om støtte. Enova er eit statsforetak under Olje- og energidepartement, som er oppretta for å støtte tiltak som reduserer bruken av fossile energikjelder og effektiviserer energibruk.

Etterlyser landstraum
- Dette er gledeleg for miljøet og og miljøpolitikk, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i sals om marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft om den nye støtteordinga.

Om kor stor effekt ordninga får for aktivitetet på norske skipsverft gjenstår å sjå, meiner han.

Strønen ønskjer seg også at Enova får mandat til å støtte installasjon av landstraum til verfta. Hamner får slik støtte, Strønen vil at også verfta kan få det, mellom anna av dei som bur i nærleiken av verfta.

Les også: Kan likevel få dekka utgifter til smittevern

Solberg på Sunnmørs-turné


Publisert: 03.11.2020 13:02

Sist oppdatert: 02.10.2021 10:50