Spaar stor vekst innan marine naeringar
KONFERANSE: Direktør Agnes Gundersen i Møreforsking trur på stor vekst innan marine næringa i nordvest, men synst finansreingsordningane er for trege og lite fleksible.
Nytt

Spår stor vekst innan marine næringar

Nordvestlandet står for 25 prosent av den norske eksporten i marine næringar. Prosenten bør verte mykje større, seier Møreforsking-direktør Agnes Gundersen.

18.09.2018
- Med den kystlinja, kompetansen og kulturen som er her, bør potensialet vere stort for vidare vekst.
Det sa Agnes Gundersen under fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg tysdag.
Ho viste til at siste tala viser 1650 tilsette innanfor marine næringar i Sogn og Fjordane, 14 nyetableringar i fjor og ein samla eksportverdi på fem milliardar kroner.

Stort potensiale

I Møre og Romsdal viser tala 5.600 årsverk, 51 nyetableringar og 14 milliardar kroner i eksportverdi.
- Brukar bedriftene ressursane sine rett, vil vi på kort sikt kunne realisere verdiskapning på nye område, sa Gundersen.
Ho viste spesielt til potensialet ved å hauste nye råstoff, utvikle nye handteringsmetodar, nye måtar å foredle på, og skape helit nye produkt i nye marknader.

Samspel

Ho snakka varmt om samspelet mellom næringsaktørar og forsking, slik ein mellom anna har fått til i utviklng av nye reketeiner i samarbeid med Herøy-bedrifta Frøystad.

- Skal du få til næringsutvikling, må næringslivet ha tilgang til relevant kompetanse og forskningsmiljø som forstår næringslivet sine behov, sa ho.
Ho viste også til iesultat av prosjekt rundt sjøpølsefangst, dyrking av tang og tare og kvalitetsprosjekt rundt sjøfrosen filet.
- Vi ser kor viktig det er å vere tett på. Sparringa mellom næringsaktørar og gode fagfolk som kjenner regionen, bransjen og fagområdet er ein førsetnad for å lukkast, sa ho.

For tregt system

Men ho meinte også at det tok for lang tid frå ein idé vert klekt til ein får midlar.
- Vi treng raskare og meir fleksible finansieringsordningar.
- I dag tek det for lang tid, sa Gundersen.
Skal du få til næringsutvikling, må næringslivet ha tilgang til relevant kompetanse og forskningsmiljø som forstår næringslivet

Publisert: 18.09.2018 11:20

Sist oppdatert: 23.06.2021 15:47