Ho spår at perioden frå november i år til mars neste år vert tøff.
Det er i siste utgåve av magasinet at Westhore-analytikaren bidreg til å dempe forventningane til supplyreiarar, der mange fekk seg ein liten opptur i juni, juli, august og deler av september.
September var ikkje mykje dårlegare, med snittrater på 12.251 pund.
Derimot såg ho klare teikn til at marknadsmekanismane fungerte mellom tilbod og etterspørsel.
- Men spørsmålet er om om vi no er over krisa, eller har vi fått ei litt falsk tryggheitskjensle som vil verte etterfulgt av ein tøff vinter? spør Molvær.
- Personleg har eg nokre alvorlege bekymringar for deler av Nordsjøen til vinteren.
Forklaringa ligg på britisk side av Nordsjøen, der det er venta rekordlav aktivitet i vinter. Mellom anna viser Molvær til at berre fem halvt nedsenkbare riggar vil vere i arbeid frå og med slutten av desember, noko som er ein ytterlegare nedgang frå eit labert fjorår.
- Ratene vil falle i heile Nordsjøen etter kvart som fartøy som normalt jaktar arbeid på britisk sektor vil kome over til norsk sektor, fastslår Molvær.
Ho spår også at fleire skip kan kome til å verte lagde i opplag.
- Men denne gongen vert det truleg kortvarig, fram til våren 2018.
Mellom anna viser ho til at av 40 ankerhandterarar i opplag, er det femten som manglar klassing.
I tillegg har dei 40 ankerhandterarane i snitt lege 500 døgn i opplag, slik at det også er eit stort etterslep i vedlikehald.
- Kostnadene til klassing og til revitalisering for nye oppdrag er på mange titals millionar kroner.
- Ikkje alle selskap er i posisjon til å ta slike kostnader.
Om det vert tørke fram til mars, forventar Molvær desto større aktivitet frå mars og utover.
- Til våren ser det ut til å verte ein kraftig auke i aktiviteten.
Det er i siste utgåve av magasinet at Westhore-analytikaren bidreg til å dempe forventningane til supplyreiarar, der mange fekk seg ein liten opptur i juni, juli, august og deler av september.
Nesten tredobling
I denne perioden var ratene det Molvær karakteriserer som respektable. Mellom anna var snittratene for PSV-ar i august på 12.484 britiske pund, tilsvarandre 133.000 norske kroner, noko som nesten var ei tredobling i forhold til 2015 og 2016.September var ikkje mykje dårlegare, med snittrater på 12.251 pund.
Marknaden fungerte
I tillegg til rateauken, såg Molvær i denne perioden få teikn til panikk, med utslag av reiarar som var redde for å presse ratene opp med frykt for at det skulle føre til ny kollaps rundt neste sving.Derimot såg ho klare teikn til at marknadsmekanismane fungerte mellom tilbod og etterspørsel.
- Men spørsmålet er om om vi no er over krisa, eller har vi fått ei litt falsk tryggheitskjensle som vil verte etterfulgt av ein tøff vinter? spør Molvær.
Lav britisk aktivitet
Ho svarar sjølv:- Personleg har eg nokre alvorlege bekymringar for deler av Nordsjøen til vinteren.
Forklaringa ligg på britisk side av Nordsjøen, der det er venta rekordlav aktivitet i vinter. Mellom anna viser Molvær til at berre fem halvt nedsenkbare riggar vil vere i arbeid frå og med slutten av desember, noko som er ein ytterlegare nedgang frå eit labert fjorår.
Meir opplag
Den lave aktiviteten på britisk sektor vil fort få konsekvensar også på norsk side.- Ratene vil falle i heile Nordsjøen etter kvart som fartøy som normalt jaktar arbeid på britisk sektor vil kome over til norsk sektor, fastslår Molvær.
Ho spår også at fleire skip kan kome til å verte lagde i opplag.
- Men denne gongen vert det truleg kortvarig, fram til våren 2018.
Dyr revitalisering
For reiarar som fryktar at altfor mange skip kjem for fort inn i arbeid, og dermed presse ratene endå lenger ned, har Molvær litt godt nytt. Mellom anna meiner ho at mange av dei 150 skipa som no ligg i opplag ikkje vil kome i arbeid igjen.Mellom anna viser ho til at av 40 ankerhandterarar i opplag, er det femten som manglar klassing.
I tillegg har dei 40 ankerhandterarane i snitt lege 500 døgn i opplag, slik at det også er eit stort etterslep i vedlikehald.
- Kostnadene til klassing og til revitalisering for nye oppdrag er på mange titals millionar kroner.
- Ikkje alle selskap er i posisjon til å ta slike kostnader.
Om det vert tørke fram til mars, forventar Molvær desto større aktivitet frå mars og utover.
- Til våren ser det ut til å verte ein kraftig auke i aktiviteten.
Personleg har eg nokre alvorlege bekymringar for deler av Nordsjøen til vinteren
Publisert: 04.10.2017 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14






