Stoerre fly fraa Vigra
200 FLEIRE: Større fly aukar kapasiteten mellom Ålesund og Polen og Baltikum med til saman 200 passasjerar i veka.
Nytt

Større fly frå Vigra

Wizz Air aukar kapasiteten mellom Ålesund og Polen/Baltikum. 

10.01.2018
Wizz Air set inn flyet Airbus A321 på alle ruter mellom Ålesund og Gdansk i Polen, og Ålesund og Kaunas i Litauen.
Airbus 321 har plass til 230 passasjerar, medan flyet som har vore mest brukt til no - Airbus 320 - har plass til 180 passasjerar.
Dette er den høgaste passasjerkapasiteten mellom Ålesund og dei to landa, seier lufthamnsjef Tor Hånde i Ålesund Lufthamn Vigra. Han registrerer ein auke i trafikken på dei to rutene, med polske og litauiske statsborgarar som dei dominerande passasjergruppene.
Wizzair flyg to gangar i veka til Kaunas og fire gongar i veka til Gdansk i vinter. I fjor vinter var det tre avgangar i veka til Gdansk.

Publisert: 10.01.2018 15:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16