Stoerre tap hos lokale bankar
STØRRE TAP: Jan Rune Hurlen leiar næringslivsavdelinga til Sparebank 1 SMN i Ålesund. Nær 300 av drygt 700 millionar i tap etter 3. kvartal kom frå offshore.
Nytt

Større tap hos lokale bankar

To av tre lokale bankar som la fram kvartalstal har betydeleg større tap. Men utlånsveksten aukar framleis hos alle.

Marius Rosbach
02.11.2020
Både Sparebank 1 SMN, Ørskog Sparebank og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har lagt fram tal for 3. kvartal dei siste dagane. (sjå tabellar til høgre – under om du les på mobil).
Den viser auka tap hos alle – og sterkast er auken hos Sparebank 1 SMS og Ørskog Sparebank.
Tala viser også framleis utlånsvekst trass i at store delar av økonomien og næringslivet er koronaramma. Utlånsveksten er lågast for Ørskog sparebank på sju prosent, medan SMN-banken ligg på 8,5 prosent og Søre Sunnmøre-banken ligg på 8,2 prosent.

Store tap på næringsliv

Sparebank 1 SMN dreg på seg eit tap på 709 på lån og garantiar ved utgangen av kvartalet. Ei kraftig forverring frå 198 millionar på same tid i fjor. Det gir eit svakare resultat enn i fjor.
Banken sine tap på næringsliv utgjer 637 millionar ved utgangen av kvartalet. Av dette er 163 millionar knytt til eit enkelt engasjement, og tap innan offshore utgjer 296 millionar.
På privatmarknaden utgjorde tapa 72 millionar kroner – og 49 millionar av desse er knytt til endringar i føresetnadene ved tapsmodellen innført tidlegare i år.

Dobling i tapa i Ørskog

Tap på utlån og garantiar for Ørskog Sparebank utgjorde 2,8 millionar, meir enn ei dobling frå same tid i fjor. Banken skriv i kvartalsrapporten at Covid-19 framleis gir høg usikkerheit, men dei meiner risikoen for nye tap er mindre enn tidlegare i år.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre var tapa 16,6 millionar ved utløpet av kvartalet, ei auke frå 14,5 millionar ved same tidspunkt i fjor.
Les børsmeldingane for, og (eksterne lenker)

Publisert: 02.11.2020 17:55

Sist oppdatert: 19.03.2021 13:11