Stoerst behov for folk i utdanning og helse
LEDIG STILLING: Vegsund Slip i Sula har hatt svært gode resultat dei siste åra. Reparasjons- og ombyggingsverftet lyste tysdag ut ei stilling som drifsleiar/prosjektleiar.
Nytt

Størst behov for folk i utdanning og helse

Mange er blitt arbeidslause den siste månaden, men framleis er det jobbar å søke på. Til dømes som prosjektleiar ved Vegsund Slip.

Marius Rosbach
14.04.2020
Tala over nye arbeidslause, har hatt ein eksplosivt vekst dei siste vekene. Sjølv om konkurransen naturleg nok har blitt tøffare, er det framleis mange stillingar utlyst.
Direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal anbefaler nettsida for dei som er på jobbjakt. Her er det både mogleg å registrere cv-en sin og få oversikt over kva stillingar som er utlyst.
– Dette er truleg den mest komplette oversikten, etter at mellom anna Finn.no også er kome med her, seier Veland til NETT NO.
Tysdag var det utlyst meir enn 800 heiltidsstillingar i Møre og Romsdal på nettsida. I Nordfjord-kommunane Bremanger, Stad, Gloppen, Stryn og Kinn var det registrert 136 heiltidsjobbar.

Behovet størst i helse og utdanning

Ifølgje oversikten tysdag er det flest ledige jobbar i utdanningssektoren i Møre og Romsdal, med nær 150 utlyste jobbar. Kring halvparten gjeld stillingar i vidaregåande skuler, men også i barnehagane er det behov for betydeleg nye tilsette.
Innan helse og sosial er det 110 ledige stillingar. Dei fleste er innan ulike omsorgsyrke, samtidig som det er eit stort behov for sjukepleiarar.

Mange elektro-stillingar

Kategorien handverkarar kjem på 3. plass med 55 utlyste stillingar. Det er flest stillingar innan elektro, men også ein rekke jobbar som mekanikar, tømrar og målar. Bygg- og anlegg er ein eige kategori, der det mellom anna er åtte utlyst ingeniørstillingar.
Innan kontor og økonomi er det lyst ut meir enn 50 stillingar. Dei fleste av desse er innan bank/finans, økonomi, rekneskap og ulike former for saksbehandling.

Færre moglegheiter i industrien

I industrien er ikkje behovet like stort, men også her er det moglegheiter. Mellom anna søker Optimar etter operasjonsdirektør (COO, journ. anm.) medan Vegsund Slip er på jakt etter prosjektleiar.
I tradisjonell varehandel er det derimot langt mellom stillingane. Det same er tilfelle innan reiseliv. Begge er mellom bransjane som er verst råka av permitteringar dei siste vekene.

Les også:


Publisert: 14.04.2020 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56