Stabilt for Aursnes Hotell
SPARTE: Bemanninga i Aurnes Hotell gjekk ned frå 1,3 til eitt årsverk i fjor.
Nytt

Stabilt for Aursnes Hotell

Ein liten reduksjon i bemanning auka overskotet.

08.06.2018
Aursnes Hotell er eit bed & breakfast-hotell der ein del av roma også er utstyrt med kjøkkenkrok for den som vil lage mat sjølv. Selskapet leiger og ut hytter like ved Sykkylven sentrum.
Med unntak av 2013 og 2014, då driftsinntektene nådde nesten fem millionar kroner, er driftsinntektene i 2016 og 2017 på det nivået selskapet har hatt i fleire år.
Hotellet sysselset eitt årsverk, mot 1,3 årsverk året før. Det gir eit lite kostnadskutt som sikrar ei lita betring i lønsemda (sjå tabell).
Aursnes Hotell er eigd av selskapet Aursnes Gaia, med Knut Henning Aursnes som eigar.

Publisert: 08.06.2018 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22