Stad blir pilotkommune for nye statens hus
OSLO: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland har gitt Stad pilotstatus for "Statens hus".
Nytt

Stad blir pilotkommune for nye statens hus

Vil bidra til å behalde og rekruttere kompetanse i distrikta.

16.06.2020
NPK: Stad i Nordfjord blir den første pilotkommunen når regjeringa vil prøve ut ein ny modell for «Statens Hus», der små og mellomstore avdelingar av statlege etatar samarbeider tettare med kvarandre og skaper større statlege fagmiljø på mindre stader.
– Eg er glad for å kunne peike ut Stad kommune som første pilot i «Statens Hus». Stad har vore ein engasjert pådrivar for denne nyvinninga, og eg trur dette vil gjere kommunen til eit endå betre vertskap for dei statlege etatane sine, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Fire pilotar

Regjeringa vil starte pilotar på inntil fire stader – der Stad blir første kommune. Når alle pilotane er på plass, vil dei kunne samarbeide om ulike tema, og dei kan organisere seg på ulike måtar.
Eitt av føremåla med ordninga er å gjere det lettare å behalde og rekruttere nødvendig kompetanse i distrikta. Det vil også gi ny kunnskap om kva som er viktig faktorar for å lykkast med lokalisering av statlege verksemder til mindre stader.
I Stad er det i dag fleire statlege etatar, og det er ikkje avklart kven av desse som skal vere med i pilotordninga.

Publisert: 16.06.2020 17:03

Sist oppdatert: 25.03.2021 15:45