Stad broer sel 75 prosent av selskapet til Tyskland
LEIKANGER: Nils-Per og Kurt Sjåstad i Stadpipe sel 75 prosent av selskapet til Tyskland.
Nytt

Stad-brør sel 75 prosent av selskapet til Tyskland

Stadpipe på Leikanger har fått det tyske selskapet Simona Group som hovedaksjonær.

05.06.2020
Stadpipe har rundt 50 tilsette fordelt på Stadlandet og Bergen.
- Simona er den ideelle partnaren for Stadpipe med tanke på å sikre framleis vekst i åra som kjem.
- Strategien til Simona som ein global operatør og produktporteføljen i dei to selskapa vil opne nye marknadsmulegheiter for oss både i Norge og internasjonalt, seier dagleg leiar Nils-Per Sjåstad i ei pressemelding.

Brødreeigd

Han eig 50 prosent av Stadpipe. Den andre halvparten eig broren Kurt Sjåstad, og totalt er det fire brør som arbeider ved bedrifta.
Bakgrunnen for salet er at det tyske selskapet ønsker å etablere seg sterkare innan leveransar av tank- og rørsystem til oppdrettsnæringa, der Stadpipe har vore store.
Det tyske selskapet har hovudkontor i Kirn, og hadde ei omsetning i 2019 på 432 millionar euro, og eit driftsresultatet på 28,4 millionar euro.

- Stadpipe gir oss tilgang til utstyrsleverandørar og oppdrettarar innan fiskeri og fiskeoppdrett. Dermed kan vi fokusere betre på den veksande fiskeoppdrettsmarknaden. Produktutvalet til Stadpipe eignar seg perfekt til å utfylle og utvide den eksisterande portefølgjen vår av rør og rørdeler, seier Matthias Schönberg, administrerende direktør i Simona Group i pressemeldinga.

Nils-Per Sjåstad framleis leiar

Han viser til at Stadpipe er sterke på kundestøtte og service.
- Dette gir oss mulegheit til å spesifisere produkta våre tidleg og identifisere behovsendringar i marknaden svært raskt, seier Schönberg.
Nils-Per Sjåstad held fram som dagleg leiar for Stadpipe.
Selskapet har opparbeidd seg ein sterk posisjon innan prosjektering, produksjon og installering av rørsystem til havbruksnæringa i Norge.
Kundane til Stadpipe er hovedsakleg utstyrsleverandørar og oppdrettarar innan havbruksnæringa, olje og gass, samt annan industri.

Rask vekst

Stadpipe prosjekterer og designar komplette rørsystem, og dei viktigste produkta er rørdelar, spesialdelar i PE, prefabrikkerte rørspooler og tankar av polyetylen (PE).
Stadpipe har hatt rask vekst og omsette i 2018 for 92,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 5,0 millionar.

Publisert: 05.06.2020 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58