Stadig fleire reiarar vil ha norsk flagg i hekken
NORSK: Caroline Stensland i Sjøfartsdirektoratet arbeider for at fleire reiarar skal velje det norske flagget.
Nytt

Stadig fleire reiarar vil ha norsk flagg i hekken

675 skip er no registrerte i NIS, 154 fleire på fem år. Sjøfartsdirektoratet jaktar på ytterlegare fleire hundre.

22.01.2020
- Norsk flagg er viktig. Det hjelper oss til å sikre norges posisjon som ein leiande sjøfartsnasjon.
Det sa marknadssjef Caroline Stensland i Sjøfartsdirektoratet under Erfaringskonferansen i regi av Norwegian Maritime Exporters tysdag.

Sterk auke

Stensland har arbeidd i to år i Sjøfartsdirektoratet og opplyste at det er kraftig vekst i NIS (Norsk internasjonalt skipsregister), eit register som vart oppretta i 1987 som eit alternativ til utflagging.
- Vi har auka med 153 skip i NIS sidan 2014.
- No har vi totalt 675 NIS-skip med brutto tonnasje på nesten 17 millionar tonn, det er ein auke på 1,3 millionar tonn på 13 månader, sa Stensland.
- Stor tonnasje er viktig, det gir Norge status, stor gjennomslagskraft og innflytelse i internasjonale fora som IMO (International Maritime Organization).

Går etter skip etter skip

Stensland var strålande nøgd med utviklinga, men hadde større ambisjonar.
- Vi jaktar på mange fleire skip.
Under konferansen i Ulsteinvik sa ho at direktoratet gjekk etter skip etter skip, reiar etter reiar.
- Vi reklamerer for det norske flagget. Det er ikkje det billegaste, men vi leverer topp kompetanse, kvalitet og service i verdsklasse.
- Det er også viktig for norske sjøfolk.
- Og med norsk flagg kan vi også vere med på å påvirke dei politiske rammevilkåra.

Bra også for NOR

Ho opplyste at ein skal ha ei rekkje møter med næringa, og der ein i fellesskap arbeidde med utviklingsprosjekt.
- Det er viktig for oss å stadig forbetre kundeopplevinga.
Stensland sa at auken i NIS ikkje har gått ut over NOR (Norsk ordinært skipsregister), det andre norske flaggalternativet.
- Både NOR og NIS har no god utvikling. Det er viktig og gledeleg.
No har vi totalt 675 NIS-skip med brutto tonnasje på nesten 17 millionar tonn

Publisert: 22.01.2020 09:26

Sist oppdatert: 19.10.2022 09:17