Nytt
Starta bygging av skip nummer fire
– Prosjektet har fått merksemd heilt opp til regjeringsapparatet i Kina, seier Lars Ståle Skoge om cruisebåtserien med Ulstein-design.
Marius Rosbach
19.09.2019
I starten av september blei det i ein seremoni ved det kinesiske byggeverftet China Merchants Heavy Industry (CMHI).
Fleire hundre inviterte gjestar deltok på seremonien og Skoge seier det ikkje berre var dåpen som var i fokus under markeringa i Haimen, men heile den kinesiske cruisesatsinga - mellom anna bygginga av eit nytt cruiseverft.
– Prosjektet har fått merksemd heilt opp til regjeringsapparatet i Kina. Det var middag ved rådhuset, to ministrar, blomster, kjolekledde damer og raude løparar, fortel kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions til NETT NO etter han er heimkomen frå Kina.
Fleire av dei neste X-Bow-skipa i serien er allereie under arbeid. Same dag blei det gjort kjølstrekk for skip nummer tre og stålkutting for skip nummer fire.
– Reiarlaget har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på skipet og det blei levert om lag ein månad før avtalt. Eg snakka sjølv med mannskapet og dei var veldig nøgd, seier Skoge.
Tidlegare har Skoge anslått at heile serien kan få ein kontraktsverdi for Ulstein på kring éin milliard kroner.
Reiarlaget opplyser at skipa er sikra langsiktige kontraktar og til stades ved seremonien i Kina, var representantar frå operatørane American Queen Steamboat Company og Albatros Expeditions.
Namna er no også bestemt for dei fleste andre skipa. Det neste skipet som skal leverast neste haust, skal heite Ocean Victory. Deretter kjem Ocean Explorer i januar 2021, eit førebels namnlaust skip i september 2021, Ocean Odyssey i mars 2022, Ocean Discoverer i september 2022 og Ocean Albatros i oktober 2022.
Albatros Expeditions skal operere det neste skipet, Ocean Victory, frå neste vinter på cruise til Antarktis, medan American Queen Steamboat Company skal ha skipet på cruise til Alaska om sommaren.
Designtypen heiter CX103. Om bord er det mellom anna 80 passasjerlugarar med private bad og balkongar, restaurant, bar, forelesingsrom, salong og eit 180-graders innandørs observasjonsdekk.
Fleire hundre inviterte gjestar deltok på seremonien og Skoge seier det ikkje berre var dåpen som var i fokus under markeringa i Haimen, men heile den kinesiske cruisesatsinga - mellom anna bygginga av eit nytt cruiseverft.
– Prosjektet har fått merksemd heilt opp til regjeringsapparatet i Kina. Det var middag ved rådhuset, to ministrar, blomster, kjolekledde damer og raude løparar, fortel kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions til NETT NO etter han er heimkomen frå Kina.
Fleire av dei neste X-Bow-skipa i serien er allereie under arbeid. Same dag blei det gjort kjølstrekk for skip nummer tre og stålkutting for skip nummer fire.
Stadfesta kontrakt nummer sju
Reiarlaget vil bygge ti tilsvarande skip, og har intensjonsavtalar om Ulstein-design og utstyr på heile serien. I løpet av sommaren har reiarlaget stadfesta kontrakten på skip nummer sju, og dei reknar med at dei siste tre blir stadfesta i løpet av året.– Reiarlaget har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på skipet og det blei levert om lag ein månad før avtalt. Eg snakka sjølv med mannskapet og dei var veldig nøgd, seier Skoge.
Tidlegare har Skoge anslått at heile serien kan få ein kontraktsverdi for Ulstein på kring éin milliard kroner.
Les også:
Har bestemt namna
X-Bow-skipet som blei døypt 6. september, skal heite Greg Mortimer og er bestilt av amerikanske Sunstone.Reiarlaget opplyser at skipa er sikra langsiktige kontraktar og til stades ved seremonien i Kina, var representantar frå operatørane American Queen Steamboat Company og Albatros Expeditions.
Namna er no også bestemt for dei fleste andre skipa. Det neste skipet som skal leverast neste haust, skal heite Ocean Victory. Deretter kjem Ocean Explorer i januar 2021, eit førebels namnlaust skip i september 2021, Ocean Odyssey i mars 2022, Ocean Discoverer i september 2022 og Ocean Albatros i oktober 2022.
Skal segle i Antarktis og Alaska
Dei 104 meter lange skipet er isklassa for å segle å kalde farvatn. Det første X-Bow-skipet skal segle på cruise til Antarktis med den australske turoperatøren Aurora Expeditions.Albatros Expeditions skal operere det neste skipet, Ocean Victory, frå neste vinter på cruise til Antarktis, medan American Queen Steamboat Company skal ha skipet på cruise til Alaska om sommaren.
Designtypen heiter CX103. Om bord er det mellom anna 80 passasjerlugarar med private bad og balkongar, restaurant, bar, forelesingsrom, salong og eit 180-graders innandørs observasjonsdekk.
Reiarlaget har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på skipet og det blei levert om lag ein månad før avtalt
Publisert: 19.09.2019 11:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39