Starta i smie har no aatte tilsette
STRANDA: Engeset Mek. Verksted tar for seg ei rekke oppdrag innan maskinbygging og konstruksjon.
Nytt

Starta i smie - har no åtte tilsette

Engeset Mek. Verksted på Stranda hadde godt med arbeid i fjor, men leiinga er uroleg for koronakonsekvensar.

24.04.2020
I årsmeldinga skriv styret at koronasituasjonen kan føre til svekka oppdragsmengde, men så langt har ein ikkje merka negativ effekt.
Men leiinga følgjer situasjonen dag for dag, og er klar til å setje i verk tiltak om nødvendig.

Zakarisdammen

Engeset Mekaniske Verksted er partner og underleverandør til lokalindustrien innanfor maskinbygging, konstruksjon og utvikling.
Ifølgje var eitt av oppdraga i fjor å overhale ventilen og tappeluka under Zakariasdammen til Tafjord Kraft.
Oppdraget var med Kvenna EMT, og jobben bestod i å demontere ventilen som har ein innvendig diameter på 2,3 meter og veg 17,5 tonn, for så å overhale lagringar og montere saman igjen.
Selskapet starta i 1978 som eit einmannsforetak i ei smie.

Åtte tilsette

Men opdragsmengda auka, og no held selskapet til i lokale på Korsbakken på Stranda.
Selskapet har åtte fulltidstilsette, og omsette i 2019 for 10,7 millionar kroner, 0,3 millionar meir enn året før.
Resulatet før skatt enda på 0,4 millionar - som året før.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på 3,8 millionar kroner.
Engeset Mek. Verksted er eigd i fellesskap av Even og Leif Martin Engeset.

Publisert: 24.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56