Morten Einar
SILD: Trålaren Morten Einar starta året med å ta 520 tonn nordsjøsild på Vikingbanken. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Starta året med nordsjøsild

Her kjem Morten Einar med nordsjøsild. Det er uvanleg tidleg.

11.01.2022

Den Båtbygg-bygde pelagiske trålaren Morten Einar frå Austevoll er av båtane som har starta året med å jakte etter nordsjøsild.

Morten Einar leverte denne veka 520 tonn nordsjøsild til Fosnavaag Pelagic, men det har hittil vorte innmeldt over 6.000 tonn etter ein rekordtidleg start på fisket.

Større kvote
Sildelaget skriv på si heimeside at ringnotbåten Norderveg frå Bekkjarvik var først ute sist torsdag, og fekk 670 tonn. Deretter tok sju-åtte andre fartøy vegen til Vikingbanken, og det har vorte tatt fleire gode fangstar. Mellom anna har Endre Dyrøy fått 510 tonn og Talbor 1080 tonn.

Den samla kvoten for nordsjøsild i år er på 427.628 tonn, der Norge sin del er på 124.012 tonn. Det er 20 prosent meir enn i fjor.

Nordsjøsilda vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Det finst både haust-, vinter- og vårgytande sild, men den haustgytande nordsjøsilda dominerer.

Kvænangen og Vestfjorden
Det er ikkje berre nordsjøsild som vert fiska på nyåret. Sist veke vart det meldt inn 22.000 tonn norsk vårgytande sild.

Storparten av NVG-silda er tatt i Kvænangen og områda utanfor der fleire føringsfartøy har vore i sving.

Sildelaget opplyser at i Vestfjorden vart det tatt 300 tonn og eit ringnotfartøy hadde 400 tonn ute i Norskehavet.

Mindre makrell
Også makrellfisket er i gang. Paula var den første av dei utanlandske fartøya som kom med makrelllast den 6 januar.

Utover sist veke og sist helg har Paula fått følgje av ni andre fartøy, og totalvolumet av makrell nådde 10.744 tonn i første veka. Dette er ein del mindre enn første veka i fjor då ein passerte 30.000 tonn.

Publisert: 11.01.2022 10:48

Sist oppdatert: 11.01.2022 10:38

Mer om