Startar brufabrikken for alvor om få veker
Allereie før produksjonen er i gong på Fiskåholmen har Prodtex fleire prosjekt på gong. I løpet av det neste året vil dei truleg tilsette titals nye.
Prodtex Industrier fekk måndag besøk av ein delegasjon frå partiet Venstre ved fabrikken dei er i gong med å starte opp på Fiskåholmen.
Ved industrihallen i Vanylven er dei i full gong med å montere utstyr. I løpet av kort tid skal robotar starte lasersveisinga av bruelement til ei gangbru for Statens vegvesen.
– Vi reknar med å køyre i gong produksjonen i løpet av ei månads tid, fortel dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand til NETT NO.
Arbeidet med å bygge ei gangbru ved Åfjord i Trøndelag blir den første stålbrua med lasersveist sandwichkonstruksjon.
Reknar med innsparingar
Det er knytt stor spenning til kva for innsparingar det er mogleg å gjere med produksjonsmetoden til selskapet som har hovudkontor i Ulsteinvik.
Prodtex har nyleg inngått eit partnarskap med Møre og Romsdal fylkeskommune, om korleis bruer kan byggjast rimelegare i framtida. Moglegheitene for å bygge ny bru til Nerlandsøya er det første konkrete prosjektet dei skal sjå nærmare på.
– Om vi kjem fram til ei god løysing med rett pris, så håpar vi det er mogleg å kome fram til ei kontrakt på det prosjektet. Det er spennande og motiverande å jobbe for å finne ut kva for prisreduksjon det er mogleg å oppnå, fortel Nordstrand i Prodtex.
Selskapet har tidlegare hatt oppdrag for Statens vegvesen med å finne ut korleis ein kan bygge ein over fem kilometer lang bru på E39 over Bjørnafjorden i Hordaland. Då fann dei ut at det kunne vere milliardar å spare.
Skal tilsette fleire
Per i dag er dei sju tilsette i sving på Fiskåholmen. I løpet av det næraste året, håpar dei å blir betydeleg fleire.
– Det er vanskeleg å seie kor raskt det vil gå, men når vi kjem i full drift, reknar vi med å vere mellom 30 og 40 tilsette, seier Nordstrand.
Selskapet har sjølv designa konstruksjonen for den første gangbrua, og vil undervegs nytte arbeidet til å verifisere prosessane og metodikken. Bruken av ein digital tvilling av brua er sentralt i arbeidet. Alle produksjonsdata vil bli henta ut i sanntid og lagra i tvillingen.
Venstre-delegasjonen fekk mellom anna høyre forretningsutveklar Tore Roppen i Prodtex - med bakgrunn frå Kleven-verftet - fortelje at produksjonsmetoden også kunne overførast til maritim industri.
Imponert ordførar
Ordførar Lena Landsverk i Vanylven er imponert over selskapet som no tek til å produsere for alvor i industrihallen.
– Dei har solid kunnskap i botnen, og erfaring som gjer at dei blir lytta til når dei kjem for å be om støtte, seier ho til NETT NO.
Prodtex fekk tidlegare i år rå Innovasjon Norge. Det er eit betydeleg beløp for dei å vere.
– Dei satsar på ting som ingen andre har vore borti før, og eg trur dei vil klare å revolusjonere måten å produsere på. Den teknologien som dei held på med no, kjem til å revolusjonere brubygging over heile verda, meiner Landsverk.
Det er spennande og motiverande å jobbe for å finne ut kva for prisreduksjon det er mogleg å oppnå
Publisert: 27.10.2020 05:55
Sist oppdatert: 25.05.2021 09:46