Startar baatrute Geiranger A Alesund
I RUTE: Med Geiranger Fjordservice si rutebåtsatsing kan du reise med rutebåt frå Ålesund til Geiranger.
Nytt

Startar båtrute Geiranger-Ålesund

Tre dagar i veka i sommar skal Geiranger Fjordservice gå i rutetrafikk mellom Geiranger og Ålesund med sin nye båt.

15.06.2018
Katamaranen med plass til 147 passasjerar skal går i rutetrafikk onsdag, fredag og laurdag.
Turen tek to timar og 40 minutt og vil gå fram og tilbake ein gong dei dagane dei går i rute. Dei andre dagane skal båten gå i chartertrafikk som sightseeingsbåt.
Båten kan stoppe for av og påstigning undervegs, slik at passasjerar for eksempel kan gå av eller på Hellesylt.
Utanom turistsesongen skal Geiranger Fjordservice flytte båten til Ålesund, og leige den ut til firmaturar, konferansar og turar for vinterturistar i samarbeid med hotellnæringa i Ålesund.

Med denne ruta på plass vil det vere to rutetilbod på fjordane med utgangspunkt i Ålesund. Til saman gjer det at det blir råd å ta ei rundreise med båt som omfattar både Hjørundfjorden og Storfjorden/Geirangerfjorden, knytt saman av rutebuss gjennom Nordangsdalen.
Den andre ruta, Ålesund - Øye i Hjørundfjorden, står selskapet The Fjords for.

The Fjords har Fjord 1 ASA som 50 prosent eigar. Fjord 1 er også medeigar i Geiranger Fjordservice.

Publisert: 15.06.2018 14:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23